Sjekk alle dei kjekke fysiske aktivitetane du kan vera med på

Etter haustferien startar mange av aktivitetane i idrettshallen, gymsalane og symjebassenga i Lærdal kommune opp. Her får du oversikt!

Det er mykje lågterskel innandørs aktivitet for både store og små framover - her frå ei fotballøkt i gymsalen på Borgund - Klikk for stort bileteDet er mykje lågterskel innandørs aktivitet for både store og små framover - her frå ei fotballøkt i gymsalen på Borgund Privat

Både i Lærdalshallen, gymsalane på Ljøsne og Borgund og i symjebassenget på Borgund er det eit rikt utval fysiske aktivitetar å vera med på.

Det er Lærdal idrettslag som forvaltar bruken av Lærdalshallen og Ljøsne skule - ein del aktivitetar her er i regi av idrettslaget sjølve, så er det ein del som blir organisert av privatpersonar eller andre lag.

Kva vekedagar og tidspunkt dei ulike aktivitetane går føre seg finn ein i dei ulike oversiktene det er lenkja til på denne sida. Ver merksam på at aktivitetane startar på litt ulike tidspunkt utover hausten, og at det gjerne er ein pause rundt juletider. Har du spørsmål kring ein spesfikk aktivitet kan du senda inn spørsmål i skjemaet som ligg på den same sida.

Aktivitetane som går føre seg ved dei ulike idrettsanlegga er:

Lærdalshallen og symjebassenget:

  • Turn for born og ungdom
  • Aldersbestemt fotball og a-lagstreningar herrar
  • Barneidrett
  • Barneklatring
  • Open hall for barnehageborn
  • Innebandy for born, ungdom og vaksne
  • Step/styrke frå 15 år og oppover
  • Damebading
  • Baby- og familiebading

Ljøsne skule:

  • Aldersbestemt fotball og damefotball
  • Herretrim
  • Ljøsnatrimmen for alle
  • Volleyball for vaksne
  • Golftrening 
  • Racketidrettar 
  • Sterk og stødig for seniorar

I planen over halltidene under ser du når dei ulike aktivitetane føregår:

Gymsalen og bassenget på Borgund er det Oppvekst Borgund som forvaltar bruken av, og aktivititane som føregår her er:

Gymsalen og symjebassenget på Borgund:

  • Fotball
  • Barneidrett
  • Sirkeltrening for vaksne
  • Grunntrening for alle
  • Volleyball for vaksne
  • Familiebading
  • Vaksensymjing