Oppdatering om flaumsikringsprosjektet på LærdalsøyriHer kan du lesa kva som har skjedd i det siste og kva som vil skje framover.Dronefoto av Lærdalsøyri Oleg Ovcharuk Planprogrammet for områdereguleringsplanen for flaumsikringa var på høyring før jul. I høyringsperioden fekk Lærdal kommune 30 innspel frå innbyggjarar, lag og organisasjonar samt nasjonale og regionale myndigheiter. Me ønskjer å takka for alle innspela. Statsforvaltaren har i fråsegna si bede om ei nærare skildring av alternativa som skal konsekvensutgreiast. Kommunen har derfor valt å setja av meir tid til nødvendige avklaringar og kvalitetssikring i dialog med NVE og andre involverte myndigheiter. Dette gjer at arbeidet blir noko forseinka samanlikna med den opphavelege tidsplanen. Me arbeider no med eit revidert planprogram. Alle innspela blir oppsummerte og kommenterte når det reviderte planprogrammet blir lagt ut til politisk handsaming. Kva har skjedd sidan høyringa?Me har gått systematisk gjennom alle innspela og sendt dei vidare til NVE og Multiconsult som utarbeidde moglegheitsstudien. Det er hyppige arbeidsmøte mellom kommunen og NVE for å sikra framdrift i arbeidet.Me har hatt arbeidsmøte med Statsforvaltaren og NVE for å drøfta Statsforvaltaren si fråsegn til planprogrammet.Me har bede fylkeskommunen om ei avklaring av kulturminnestatusen til eksisterande flaumsikring langs Lærdalselvi.Me har jobba med å laga ein plan for korleis dialogen med grunneigarane skal gjennomførast. Dei grunneigarane som kan bli direkte råka av planarbeidet er kalla inn til eit eige informasjonsmøte. Andre grunneigarar som kan bli påverka på andre måtar (t.d. gjennom visuelle verknader), blir kontakta seinare i planprosessen. Kva skjer framover?Kommunen saman med NVE skal ha arbeidsmøte med Multiconsult for å svara ut innspel som gjeld moglegheitsstudien.Me skal ha møte med fylkeskommunen for å avklare kulturminnestatusen til dagens flaumsikring.Me ferdigstiller planprogrammet med ei tydelegare skildring av alternativa som skal konsekvensutgreiast.Me legg planprogrammet fram til politisk handsaming, der alle innkomne innspel blir oppsummerte og kommenterte. Førebels er det lagt opp til handsaming i juni.Me oppdaterer prosjektet si nettside og legg inn "Spørsmål og svar" om planarbeidet.Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med prosjektleiar Niklas Aarnio.