Historikk
I nyare tid er mykje av Lærdal kartlagd for naturfare. Det er blitt betre metodar og auka kompetanse for å berekne naturfare, og strengare definisjonar på kva som er sikker bygging.
I dei seinare åra har meir og meir av Lærdalsøyri vorte definert i faresone for blant anna flaum. Sjå tidslinja under for å sjå korleis det vart starten på flaumsikringsprosjektet
2012 - Søknad til NVE
Søknaden vart sendt frå Lærdal kommune i juni 2012, og allereie månaden etter kom det stadfesting frå NVE på at dei ynskja å bistå kommunen i både planlegging og gjennomføring av eit sikringstiltak for busetnaden på Lærdalsøyri.
01.01.1970
2008-2011. Krevjande utbyggingsprosjekt
Lærdal kommune hadde fleire utbyggingsprosjekt på Lærdalsøyri i 2008-2011 som vart svært krevjande på grunn av kartlagd faresone for flaum på Øyri.
Kommunen hadde god dialog med NVE i ein del utbyggingsprosjekt, og vart då råda til å sende søknad til NVE om bistand til sikring av Lærdalsøyri.
01.01.2008
2013-2022: Dialog og stillstand
I desse åra var det både møte med grunneigarar, folkemøte, synfaringar, møte med kulturavdelinga og andre myndigheiter og fleire møte med NVE, for å planleggje alternative sikringstiltak langs Lærdalselva.
Oppstart av reguleringsplan vart varsla av kommunen, og NVE arbeida med ulike alternative løysingar samstundes. På grunn av stor mengde saker hjå NVE, stoppa arbeidet deretter opp nokre år
01.01.2013 00:00
2022-2023: Restart av prosjektet
I slutten av 2022 fekk prosjektet ei høgare prioritering hjå NVE att.
I løpet av 2023 har NVE og kommunen hatt god og ofte dialog om det vidare arbeidet, og prosjektet har vorte starta opp på ny. Flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri har høg prioritet blant andre flaumsikringsprosjekt i landet.
01.01.2022 00:00
2025: Oppstart planarbeid og planprogram på høyring
Hausten 2025 vart det varsla oppstart av planarbeidet, og samstundes vart planprogrammet sendt ut på høyring. Framlegg til planprogram finn du ved å klikka på denne lenkja (PDF, 4 MB). Framover skal NVE starta opp arbeidet med eit forprosjekt samtidig som kommunen arbeider vidare med reguleringsplanen
16.06.2025 12:18
Meir om bakgrunnen
Store delar av busetnaden, sentrumsområde, næringsbygningar og offentlege bygningar på Lærdalsøyri ligg i flaumutsett areal ved større flaumar i Lærdalselva. Sjølv om me har hatt nokre store flaumar dei siste 20 åra som ikkje har gjort betydeleg skade, så veit me at risikoen er stor for at det kjem flaumar dei neste åra som er betydeleg større enn dei me har opplevd i nyare tid.
Dersom prognosar for storleik på storflaum slår til, kan ein slik flaum på Lærdalsøyri gjera svært stor skade på bebyggelsen, og i verste fall utgjera fare for liv og helse. Sidan så stor del av bebyggelsen er utsett for flaumfare, er eit sikringstiltak langs Lærdalselva høgt prioritert både av NVE og Lærdal kommune.
Sjølv utan flaum i elva får flaumfaren store konsekvensar for lærdølene. Mykje av busetnaden på Øyri er bygd i ein tid då ein hadde lågare kompetanse på naturfare, dårlegare metodar for å berekne framtidige flaumar og eit lite strengt regelverk for ny utbygging.
Regelverket for å byggja i område som er utsett for naturfare er betydeleg strengare i dag enn for få år sidan, dette for å verne både liv, helse, miljø og verdiar i samfunnet. For å unngå store forsikringsutbetalingar unødvendig, er fokuset på å verne verdiar i samfunnet også auka betydeleg. Kommunen har difor ikkje lov å opne for bygging i flaumsoner utan sikringstiltak.
Sikringstiltak kan vera heving av grunn, høgare grunnmur, sikringsvoll og anna. I mange tilfelle vil det ikkje verta tillete for bebuarar på Øyri å byggje nye bygningar som garasjar, lager, påbygg eller anna på sin eigedom, utan at dette vert bygd i flaumsikker høgde. Ved å etablere flaumsikringstiltak for heile Lærdalsøyri, vert denne situasjonen betydeleg endra for bebuarar på Øyri.
Organisering av prosjektet
NVE har sett av eigen prosjektleiar for flaumsikringsprosjektet på Lærdalsøyri, og eigen assisterande prosjektleiar. Det er i tillegg fleire personar frå ulike fagfelt som er tungt involvert i planarbeidet. NVE har engasjert Multiconsult til å utarbeide alternative løysingar for tiltak, og dei har oppretta prosjektgruppe med tverrfagleg kompetanse for å gjennomføre oppdraget.
Lærdal kommune har per i dag ei prosjektgruppe samansett av fagpersonar innan plan, landbruk og teknisk som har ansvar for å følgje opp flaumsikringsprosjektet. Arealplanleggjar er foreløpig prosjektleiar, og administrativ og politisk leiing er godt involvert i arbeidet. I løpet av våren skal prosjektet forankrast politisk med truleg ei større prosjektorganisering.
NVE har ansvar for utarbeiding av ulike alternative løysingar, medan kommunen må vere med å velje løysing. Kommunen har ansvar for reguleringsplanen og avtalar med grunneigarar (og eventuelt grunnerverv).
Finansiering
NVE har førespegla kommunen ein finansieringsmodell der NVE dekkar 90 % av kostnad for gjennomføring av sikringstiltaket, medan kommunen dekkar restarande 10 % som eigenandel. I tillegg dekkar NVE planlegging- og prosjekteringskostnadar, medan kommunen dekkar kostnad til reguleringsplan. Endeleg finansieringsmodell for gjennomføring av tiltaket vert avklara etter val av løysing er avklara og kostnadsrekna.
Ofte stilte spørsmål om planarbeidet
Lærdal kommune jobbar med å laga ein områdereguleringsplan for flaumsikringstiltaka. Planprogrammet til reguleringsplanen var på høyring før jul 2025. På grunn av stort omfang av innspel i høyringsperioden har kommunen valt å setja av tid til nødvendige avklaringar saman med NVE og andre involverte myndigheiter. Målet er at planprogrammet blir fastsett hausten 2026. Etter fastsetting av planprogrammet vil kommunen starta arbeidet med å lage reguleringsplanen, medan NVE kjem i gang med forprosjektet sitt.
Planarbeidet er framleis i tidleg fase, så det er vanskeleg å seia noko om korleis kvar eigedom i planområdet vil bli påverka. Kommunen si førebelse vurdering er at om lag 20-25 eigedommar kan få direkte verknader, det vil seia at kommunen på sikt kan få behov for å inngå avtalar eller gjennomføre grunnerverv etter at reguleringsplanen er vedteken. Grunneigarane vil bli fortløpande informert undervegs i planprosessen.
Lærdal kommune og NVE reknar med at ingen bustadhus må rivast som følge av prosjektet. Det kan derimot vera aktuelt med riving eller flytting av andre bygg.
Moglegheitsstudien skildrar i liten grad alternativa for sikringstiltak på Sjukehussida. Ein flaumvoll på Lærdalsøyrisida vil føra til ein forverra flaumsituasjon på Sjukehussida, noko som fører til eit sikringsbehov. Tiltaka på Sjukehussida vil ha høg prioritet i NVE sitt arbeid med forprosjektet. Eigedommar på Sjukehussida kan anten sikrast kvar for seg eller gjennom felles sikringstiltak som til dømes flaumvoll eller heving av enkelte vegar.
Planprosess etter plan- og bygningslova og grunnerverv er to separate prosessar som vert omfatta av ulike lovverk. Når det gjeld juridisk bistand i ei eventuell grunnervervsfase, kan det på eit seinare tidspunkt bli aktuelt å vurdera ordningar for kompensasjon. Rammeverket for dette er enno ikkje avklart, og grunneigarane vil få informasjon når ei ordning kjem på
plass.
Planarbeidet tek utgangspunkt i tilrådinga i moglegheitsstudien som Multiconsult utarbeidde på oppdrag frå NVE. Nedstraums Sjukehusbrua er tiltakskombinasjonar 2A og 2B aktuelle, medan oppstraums er det 2A og 3 som blir jobba vidare med. I det vidare arbeidet skal ein sjå på moglege kombinasjonar av ulike tiltakspakker.
Det er førebels usikkert korleis flaumsikringstiltaka vil bli utforma. I moglegheitsstudien er det skissert ein lang samanhengande flaumvoll, men i samband med forprosjektet vil andre sikringstypar (t.d. spuntveggar) også bli vurdert. For Lærdal kommune og NVE er det viktig at flaumsikringstiltaka blir utforma på ein måte som bidreg til eit godt nærmiljø og som minimerer dei visuelle ulempene for huseigarar som får tiltaka nærme husa sine.
Store delar av busetnaden i Lærdalsøyri er flaumutsett, og ein storflaum vil kunna føra til store skadar. Slik situasjonen er no, er det svært vanskeleg å få byggjeløyve for tiltak på Lærdalsøyri på grunn av flaumfaren. Flaumsikringstiltaka skal sørga for å sikra Lærdalsøyri mot flaum slik at det blir mogleg å opna for nybygging.