Inviterer til gratis babykino: - Veldig glade for utviklinga

Det var meir eller mindre babyboom i Lærdal i 2025 - og fredag blir det babykino spesielt tilrettelagt for foreldre som er i permisjon.

Lærdal kommune og Audun Mo inviterer til babykino - gratis for alle som har med baby. - Klikk for stort bileteLærdal kommune og Audun Mo inviterer til babykino - gratis for alle som har med baby. Ole Ramshus Sælthun

-Me er svært glade for utviklinga me har i Lærdal no. Det er på langt nær slik i alle småkommunar, akkurat, seier ordførar Audun Mo. 

I 2025 vart det fødd heile 27 born med adresse i Lærdal. Det er det høgaste barnetalet som har vore i kommunen på svært mange år, og fødselsstatistikken var sterkt bidragsytande til at folketalet auka med 35 gjennom året slik at me ved årsskiftet vart 2223 lærdøler.

Fredag 13.mars klokka 12 inviterer dermed Lærdal kommune og ordføraren til babykino. Det vil seia; alle kan koma på kinoen, men ein må ha med baby for å få gratis inngang.

-Ein kan seia det er for å gje noko tilbake til dei som har fått born i bygdi. Det er no det minste me kan gjera, seier Mo.

Babykino er tilrettelagt for deg som vil gå på kino med dei aller minste. Me dempar lyden og har litt lys på i salen under framsyninga. Det er heilt greitt å ta med drikke og mat, skifte bleier, grina, le, skrika og hyla. Du kan amma, gå litt til og frå, og det er god plass til barnevogner i vestibylen.

Filmen denne gongen er det romantiske dramaet «Min første kjærlighet». Den handlar om Ella, som flyttar heimanfrå for å studera. Ho hadde gleda seg til å få sin eigen hybel, men endar i staden opp på ein institusjon. Samstundes møter ho sin første kjærleik. Ella har levd heile livet i rullestol – men skal ho stilltiande godta eit liv bak låste dører av den grunn, eller skal ho kjempa for å oppnå draumane sine?