Ordførar Audun Mo bestilte kake då folketalet i Lærdal bikka 2200 - men talet var kome opp i 2209 allereie då første kommunestyremøte vart halde etter at me bikka 2200. Det var i slutten av november, og ein dryg månad seinare, ved årsskifte, var talet altså 2223.
Ole Ramshus Sælthun
Det vart fødd heile 27 born i Lærdal kommune i 2025 og med 18 dødsfall i løpet av året vart det eit fødselsoverskot på 9 - som er svært bra.
I tillegg flytta 129 personar til Lærdal i løpet av 2025 medan 101 flytte ut, som gjev netto tilflytting på 28 personar.
Dermed var det 1. januar 2026 totalt 2223 innbyggjarar i Lærdal kommune - om lag hundre fleire enn då folketalet var i ein dalbotn for berre nokre få år sidan.
Sjå kommunefakta på SSB (Statistisk sentralbyra) si nettside ved å klikka her.
Også Aurland kommune hadde svært god folketalsutvikling i 2025. Statistikken for Luster og Sogndal syner også god folketalsauke, medan det var noko nedgang i Årdal og Vik:
Folketalsutviklinga i Indre Sogn i 2025
SSB