Hugs at barn kan få tilskot til fritidsaktivitetar

Søknadsprosessen er ubyråkratisk, rask og enkel, sidan me forvaltar Fritidskassa med stor tillit til deg som søkjar. 

Illustrasjonsfoto av born som spelar fotball - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av born som spelar fotball Ole Ramshus Sælthun

Det er mange fritidsaktivitetar for born og unge i Lærdal. Kommunen og organisasjonslivet meiner det er viktig at økonomi ikkje er til hinder for dei som ønskjer å delta i organiserte fritidsaktivitetar. 

Difor har me Fritidskassa, der barn og unge sjølve kan søkja om tilskot til fritidsaktivitetar. Også føresette eller idrettslag/annan organisasjon kan søkja på vegner av barnet/ungdomen.

Det kan mellom anna søkjast om tilskot til:

  • Utstyr (i Lærdal kommune minner me også om at BUA har mykje utstyr til utlån) 
  • Kontingent 
  • Eigenandel 
  • Reise 
  • Opphald og måltid ved deltaking på turnering/reise av lag/foreining.

Les meir om fritidskassa ved å klikka på denne lenkja.

Kom rett til søknadsskjema for Fritidskassa ved å klikka på denne lenkja

Når det gjeld kva fritidsaktivitetar som finst får ein eit visst inntrykk av kva som finst ved å sjå på desse sidene:

Oversikt over lag og foreiningar i Lærdal kommune

Informasjon om idrettsanlegg, aktivitetstider og friluftsliv

Kontaktkort

Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
Telefon 97 73 69 94
Silje Eidsgaard Langehaug
Leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta og BTI-koordinator
Telefon 48 05 62 95