Dette skjer i første del av Lyse dagar i Lærdal

Lyse dagar i Lærdal går av stabelen frå måndag 20. til søndag 27. april. Her er meir informasjon om det som skjer først i veka

Heile programmet finn du ved å klikka på denne knappen

Under kan du lesa meir om dei ulike programpostane dei første dagane av arrangementet:

Næringskveld

Lærdal kulturhus - Klikk for stort bilete Ole Ramshus Sælthun

Lærdal kommune og Lærdal næringssamskipnad arrangerer open næringskveld med program spesielt retta mot næringsaktørar, arrangørar og frivillige lag og organisasjonar. Mellom anna blir det kræsjkurs i formidling ved Gro Nesse-Bremer frå Nærøyfjorden verdsarvpark, og minikurs i bruk av sosiale media. 

Måndag 20. april klokka 18.00-21.00 – kultursalen. Her er det berre å møta opp!

"Hald grøne Lærdal rein"

Dronefoto av Lærdalsøyri - Klikk for stort bileteDronefoto av Lærdalsøyri Oleg Ovcharuk

Ein viktig tradisjon i Lærdal er vårryddeaksjonen – då plar mange frivillige å stilla opp for å gjera bygdi ryddig og fin. Det håpar me sjølvsagt mange gjer i år også.

På Lærdalsøyri blir Frilund ungdomshus base – her får ein utdelt utstyr til ryddinga når ein møter opp og det blir konteiner å kasta søppelet i etterpå. Lærdal ungdomslag serverer vaflar og saft til dei som har rydda og Lærdal musikklag spelar utanfor ungdomshuset om lag klokka 18.30 denne dagen.

På Ljøsne blir base for ryddinga Ljosheim grendahus og på Borgund blir det kommunehuset.

Tysdag 21. april frå klokka 17

Produktdemo, opning av hagesenter, trøtraktorløp og servering

Lokala til Sognasmak, Felleskjøpet og Sogn frukt og grønt - Klikk for stort bileteLokala til Sognasmak, Felleskjøpet og Sogn frukt og grønt Ole Ramshus Sælthun

Felleskjøpet og Sognasmak byr på mykje spennande desse dagane: 

Onsdag 22. april:

  • Frå kl. 13.00-16.30: Produktdemo frå bl.a. Kärcher, visning av traktor – og landbruksutstyr og  hagesenteret opnar for sesongen i Felleskjøpet 

Torsdag 23. april:

  • Kl. 9.00-18.00: Produktdemo frå bl.a. Kärcher, visning av traktor – og landbruksutstyr og  hagesenteret opnar for sesongen i Felleskjøpet 
  • Kl. 14.00-18.00: Traktorløp for ungar i bakgården til Sognasmak/Felleskjøpet 
  • Kl. 10.00-18.00: Matservering på Sognasmak

Familiedag på kulturhuset

Familiedag på kulturhuset - Klikk for stort bileteFamiliedag på kulturhuset

Denne dagen markerar me både Verdas bokdag, Berekraftsveka og Lyse dagar i Lærdal – og me feirar alt dette med eit artig arrangement for heile familien i Lærdal kulturhus.

Møt den prisbelønte illustratøren, forfattaren og kokken Marianne Gretteberg Engedal frå Dagali i Hallingdal. Ho kjem til Lærdal for å ta oss med inn i sitt varme, underfundige univers.

I tillegg til show og høgtlesing blir det aktivitetsbord i vestibylen med:

  • Perling av fuglar
  • Teiknestasjon
  • Rebus for store og små

Torsdag 23. april kl. 1830. Meir informasjon og gratisbillettar finn du ved å klikka her