Ben Ward-føredrag, tributeshow og mini-foodtruckfest er berre noko av det som skjer under Lyse dagar i Lærdal 2026!Det har vorte ein fin tradisjon at me ønskjer våren og sola velkomen siste veka i april - då går “Lyse dagar i Lærdal” av stabelen i bygdi med mange ulike arrangement. I år skjer det faktisk noko kvar dag heile veka, sjå berre her!
Måndag 20.april:
Kl. 18-21: Næringskveld i kultursalen – ope for alle, fri inngang
Tysdag 21. april:
Frå kl. 17: Hald Grøne Lærdal Rein med basar ved Frilund ungdomshus, Ljosheim grendahus og kommunehuset på Borgund – møt opp ved basen i di grend med godt ryddehumør
Onsdag 22. april:
Frå kl. 13.00-16.30: Produktdemo frå bl.a. Kärcher, visning av traktor – og landbruksutstyr og hagesenteret opnar for sesongen i Felleskjøpet – her er det berre å møta opp!
Torsdag 23. april:
Kl. 9.00-18.00: Produktdemo frå bl.a. Kärcher, visning av traktor – og landbruksutstyr og hagesenteret opnar for sesongen i Felleskjøpet – her er det berre å møta opp!
Kl. 14.00-18.00: Traktorløp for ungar i bakgården til Sognasmak/Felleskjøpet – her er det berre å møta opp!
Kl. 10.00-18.00: Matservering på Sognasmak (meir info kjem i sosiale mediar).
Kl. 17 – 1830: Verdas bokdag på kulturhuset med mellom anna forfattarbesøk av Marianne Gretteberg Engedal og aktivitetsbord for born – ope for alle, fri inngang
Fredag 24. april:
Kl. 10: Oppstart taktekkjingskurs på Seltun gard (Blir halde på dagtid fredag, laurdag og søndag) – Meir informasjon, fullt program og påmeldingsskjema finn du ved å klikka her
Kl. 11 – 20: Minifoodtruckfestival i rådhusparken – her er det berre å møta opp!
Frå kl. 1930: Showet “Shake Rattle & Robbie - tribute til Robbie Williams og Jerry Lee Lewis” på Lærdal showtheater – Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her
Laurdag 25. april
Kl. 11 – 20: Minifoodtruckfestival i rådhusparken – her er det berre å møta opp!
Kl. 11 – 15: Bruktmarknad i Ljosheim grendahus – Meir informasjon finn du ved å klikka her
Frå kl. 11: Vangane opp: Møtbakkeløp for born og ungdom frå Ofta til Øvre Vangen. Dei som spring på tid startar kl. 1130 – her er det berre å møta opp og bli med – deltakaravgift 50 kr. om ein spring på tid!
Kl. 1130 – ca kl. 1230: Guida rundtur på Gamle Lærdalsøyri - Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her
Kl. 13 – 14: Ben Ward held føredraget “Draumen om eit enklare og meir komplisert liv” i kultursalen - Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her
Frå kl. 14: Konsert med fisarmonisk orkester i vestibylen i kulturhuset – her er det berre å møta opp!
Kl. 1230: Lærdal – Florø (G13) spelar på Lærdal stadion i Adidas cup – her er det berre å møta opp!
Kl. 16: Voss – Florø (G13) spelar på Lærdal stadion i Adidas cup – her er det berre å møta opp!
Kl. 16: Barnekino i kultursalen – Super Mario Galaxy – billettsal ved inngang
Frå kl. 1930: Showet “Shake Rattle & Robbie - tribute til Robbie Williams og Jerry Lee Lewis” på Lærdal showtheater – Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her
Søndag 26. april
Kl. 11 – 15: Bruktmarknad i Ljosheim grendahus – Meir informasjon finn du ved å klikka her
Frå kl. 11: Klatredag på klatresteinen i Hedler – her er det berre å møta opp!
Frå kl. 11: Lærdalsløpet med start frå Lærdalsøyri skule – Startkontingent betalar ein ved oppmøte
Meir informasjon om ein del av arrangementa finn du i påskenummeret av Helg & Kvardag, så kjem det også meir informasjon om einskildarrangement her på Lærdal kommune si nettside over påske!
Logo lyse dagar