Dette skjer i andre del av Lyse dagar i Lærdal

Lyse dagar i Lærdal går av stabelen frå måndag 20. til søndag 27. april. Her er meir informasjon om det som skjer siste del av veka

Heile programmet finn du ved å klikka på denne knappen

Under kan du lesa meir om dei ulike programpostane i helga:

Mini-foodtruckfest

Frå Lyse dagar i Lærdal 2025 - Klikk for stort bileteFrå Lyse dagar i Lærdal 2025 Ole Ramshus Sælthun

Me gjentek suksessen frå i fjor med foodtruckfest i rådhusparken! Her blir det mykje spennande mat å gle seg til over to dagar! Ta den seine frukosten, eller lunsjen eller middagen – eller kanskje fleire måltid i rådhusparken; det blir mellom anna: bakt potet, hamburger, gresk gyros og mexicansk taco.

Rådusparken fredag 24. april og laurdag 25. april klokka. 11.00-20.00 begge dagane.

Skifertekking - kurs og føredrag

Odd Arne Rudi - Klikk for stort bileteOdd Arne Rudi

Taktekkjar Odd Arne Rudi held føredrag om skifertekking, ulike typar skifer og tekkjetradisjonar, med hovudvekt på Valdresskifer. Sjølve føredraget blir om lag ein time, så blir det vandring på Lærdalsøyri for å sjå på ulike døme på skifertekking.

Fredag 24. april kl. 18 – 20 i Kulturstova til Gunn Hauge, Øyramarki 1.

Den same Rudi er også kurshaldar for taktekkingskurs med Valdresskifer som Seltun gard arrangerer. Kurset blir mest praktisk arbeid i form av å tekkja om att eit hus frå 1840-talet på Seltun gard.

Kursstart fredag 24. april - kursavslutning søndag 26. april. For meir informasjon og påmelding, sjå Facebooksida «Seltun gard».

Showet “Shake rattle & Robbie”

Lærdal showtheater - Klikk for stort bileteLærdal showtheater

Opplev to av verdas beste tributeartistar (dobbeltgjengarar) til Jerry Lee Lewis og Robbie Williams under Lyse dagar, live i Lærdal Showtheater!

Begge kveldar er todelt. Før pause fredag får du eit show av ”Robbie Williams”. Før pause laurdag får du eit show av ”Jerry Lee Lewis”. Etter pause begge dagar vert det rock’n’roll party med hits frå legendene på Jerry Lee Lewis si tid, som Elvis, Buddy Holly, Beatles, Little Richard, Chuck Berry og Ray Charles.

Me nemner Great Balls of Fire, Whole Lotta Shakin’ Goin’ On, Jailhouse Rock, Oh Boy, Long Tall Sally, Johnny B Goode, I Got A Woman, A Hard Days Nightm.m

Begge artistar kjem frå den prisbelønna produsenten Bernhard Kurz sitt Stars in Concert som produserer Tribute Shows i høgste klasse.

Frå kl. 1930 både fredag 24. april og laurdag 25. april - Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her

Bruktmarknad i Ljosheim grendahus

Ljosheim grendahus - Klikk for stort bileteLjosheim grendahus

Det blir ny runde med bruktmarknad i Ljosheim grendahus - kom som handlande eller driv “butikk for ein dag eller to”!

Kanskje du lagar noko du vil selja - eller har brukte ting du vil bli kvitt?

Laurdag 25. april og søndag 26. april kl. 11 - 15. Meir informasjon finn du ved å klikka her

Vangane Opp og to fotballkampar

Vangane Opp - Klikk for stort bileteVangane Opp

Motbakkeløpet “Vangane Opp” frå Ofta til Øvre Vangen blir arrangert for 15.gong! 

Laurdag 25. april frå kl. 11 - dei som vil springa på tid startar kl. 1130. Meir informasjon finn du ved å klikka her

På Lærdal stadion blir det to fotballkampar i G13 under Adidas cup denne dagen:

  • Kl. 1230: Lærdal – Florø (G13) 
  • Kl. 16: Voss – Florø (G13) 

Bruktsal i Frilund

Bruktsal - Klikk for stort bileteBruktsal

Gutta på Sanden har drive brukthandel og auksjonsverksemd sidan sommaren 2000, og no har tida kome for ei skikkeleg vårrydding på lageret! 

Dei har vaska og pakka heile 30 banankassar med krustøy og gjenstander i glass m.m. som dei vil stilla ut på lange bord i ungdomshuset Frilund, litt småmøblar blir det òg plass til. 

Laurdag 25. april og søndag 26. april, begge dagar kl. 12 - 15 i Frilund ungsomshus

Guida vandring på Gamle Lærdalsøyri

Guida vandring - Klikk for stort bileteGuida vandring

Bli med inn i historia til den gamle handels- og gjestgjevarstaden Lærdalsøyri. Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, segn og soger. Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige strandsitjarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.

Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om
lokalhistoria og/eller arkitektur på Lærdalsøyri.

Laurdag 25. april kl. 1130, oppmøte ved «Gamlebanken» i Øyragata 11. Meir informasjon og billettar til rabattert pris finn du ved å klikka her

Føredrag med Ben Ward

Ben Ward - Klikk for stort bileteBen Ward

Engelskmannen har både sjarmert og rørt heile Noreg med sine forteljingar om livet på godt og vondt og gjenreisinga av garden Kroken i Luster. Han kjem til Lærdal med føredraget “Draumen om eit enklare og meir komplisert liv” - eit engasjerande føredrag med inspirasjon, humor og ærlege forteljingar om å skapa
noko sjølv. Føredraget er på engelsk.

Laurdag 25. april kl. 1300 i kultursalen. Meir informasjon og billettar finn du ved å klikka her

Fisarmonisk orkester

Fisarmonisk orkester - Klikk for stort bileteFisarmonisk orkester

Fisarmonisk orkester er eit trekkspelorkester med ungdommar frå Oslo og Bærum i alderen 14-17 år. Dei er alle elevar hjå kulturskulelærar Brith Laila Ouff.

Denne våren går årets øve- og kosehelg til Lærdal, då den eine deltakaren har røter til staden. Ungdommane har spelt saman i frå 2-8 år, men alle har spelt trekkkspel sidan 6-8 års alder. Kva passar vel betre inn i temaet om gamle hus og tradisjonar enn det gamle instrumentet trekkspel? 

Orkesteret saman med Brith Laila Ouff vil ta dykk med på ei reise frå barokkmusikk til Erik Bye-potpurri og populærmusikk, med innslag av tango, folkemusikk og jazzakkordar.

I tillegg vil orkesterdeltakarane spela solo og duo. Med på laget har dei pappa Vidar på bass.

Laurdag 25.april kl. 14 i Lærdal kulturhus, vestibylen. Kom og høyr på dei etter føredraget til Ben Ward - det er berre å møta opp!

Barnefilm - Super Mario Galaxy

Super Mario Galaxy - Klikk for stort bileteSuper Mario Galaxy

Sjanger: Animasjon/Familiefilm
Aldersgrense: 6 år
Lengde: 1 t. 35 min.
Kr. 85/125,-

Mario og Luigi gir seg ut på ei reise i verdsrommet, og utforskar nye kosmiske verder og utfordringar langt frå Soppriket dei kjenner

Laurdag 25.april kl. 16 i kinosalen, billetsal ved inngang.

Klatredag på klatresteinen i Hedler

Klatresteinen i Hedler - Klikk for stort bileteKlatresteinen i Hedler Magnar Høyvik

Klatregruppa i Lærdal Idrettslag - Klatring inviterer alle som er interesserte - både ungar, ungdomar, vaksne og dei som berre er litt nyfikne, til ein triveleg klatredag på Jektesanden klatrestein ute i Hedler. 

Her skal ein berre ha det moro, og det er ingen prestasjonspress av noko slag. Det er den som klatrar som bestemmer tempo og kor høgt ein vil klatra. Her er det berre vinnarar uansett nivå. 

Klatresteinen har i alt 24 bolta klatreruter som byr på det meste av utfordringar. Fem av dei er «barneruter»,  som og sjølvsagt er for vaksne.  Arrangør stiller med eigne folk til å sikra, og tilbyr kun klatring på «topptau» - den tryggaste form for klatring. Arrangør stiller og med alt av klatreutstyr som tau, klatresele, hjelm og klatresko. 

Er det nokon sjølvstendige som har klatrepartner og vil klatra på led, er de og sjølvsagt velkomne, men de må ha dykkar eige klatreutstyr. Det er og to fine bålplassar og ved der ute, so ta gjerne med dykk grillmat.

Søndag 26. april frå kl. 11 i Hedler - det er berre å møta opp, og ved spørsmål kan ein ta kontakt med leiar i Klatregruppa, Lærdal IL Klatring, Magnar Høvik, på Messenger

Lærdalsløpet

Løp - Klikk for stort bileteLøp

Lærdalsløpet har faktisk vorte arrangert sidan tidleg på 80-talet! Løpet er kring 7 kilometer langt og startar frå Lærdalsøyri skule med ei rundløype opp på Moldosida og nedatt. Her deltek både familiar, mosjonistar og aktive løparar

Søndag 26. april, oppmøte ved Lærdalsøyri skule.
Påmelding og start mosjonistar: mellom klokka 10 og 11. Start aktive: klokka 11.30. Klikk her for meir informasjon.