Hugs å søkja plass i barnehage eller SFO innan 1. februar!Søknadsfristen er 1. februar for hovudopptaket, og det er denne fristen som gjeld i høve retten til plass.Borgund oppvekstsenter Oleg Ovcharuk Lærdal kommune har tilbod om skulefritidsordning (SFO) ved Lærdalsøyri skule og Borgund oppvekstsenter frå august 2026 for dei som har rett på plass. Vidare har me tilbod i Lærdalsøyri barnehage og Borgund oppvekstsenter for dei som har rett til barnehageplass.Nytt SFO-år startar 1.august og nytt barnehageår 15.august.Søknadsfrist for hovudopptaket til både SFO og barnehage er 1. februar. Det er viktig å vera klar over at det er denne søknadsfristen som gjeld for den lovmessige retten ein har til plass i barnahage eller SFO. I 2026 er det venta eit stort tal søknader, så søkjer ein etter 1.februar kan ein risikera å først få tildelt plass når det er ledig kapasitet. Søknad skal sendast elektronisk - klikk på denne lenkja for meir informasjon og søknadsskjema.Lærdalsøyri barnehage Ole Ramshus Sælthun Barn som har barnehageplass eller SFO-plass frå før treng ikkje søkja på nytt. Dersom ein ønskjer oppstart i barnehagane perioden 1. februar 2027 - 1. mai 2027, så ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen - sjå kontaktinfo for Lærdalsøyri barnehage og Borgund oppvekstsenter under.