Randi Midtgård er klinisk sosionom i psykisk helseteneste for barn og unge i Lærdal kommune
Ole Ramshus Sælthun
- Alle born, unge og familie som har behov får det skal få hjelp lokalt i kommunen gjennom denne tenesta. Måkgruppa er opp til 25 år. Ein treng ikkje tilvising, seier Randi Midtgård.
Ho vart tilsett som klinisk sosionom i skule- og helsestasjonstenesta i Lærdal kommune i vinter. Fram til 1.august jobba Midtgård 60 prosent, men er no hundre prosent i stillinga som er heilt ny i Lærdal kommune.
- Psykisk helseteneste for barn og unge er ulikt organisert etter kva kommune ein snakkar om. Så det er ei teneste som er under utvikling her i kommunen. Det er også ei teneste som skal utvikla seg etter kva problemstillingar som er mest aktuelle, og det vil kunne variera frå kommune til kommune og over tid, forklarar Midtgård.
Ein kontaktar psykisk helseteneste for barn og unge ved å ringe sentralbordet til helsestasjonen: 48172985.
Tidleg innsats
Tenesta jobbar tett saman med skulane, barnehagane, helsestasjons- og skulehelsetenesta for øvrig, PPT, BUP, fastlegane og andre vaksentenester. Psykisk helseteneste for barn og unge er altså ein del av eit større system og skal vera eit godt tilgjengeleg tilbod.
- Eg er oppteken av kor viktig tidleg innsats er. Det skal ikkje nødvendigvis så mykje til, seier Midtgård.
Psykisk helseteneste for barn og unge er ein del av Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), og skal både vera ei teneste på individnivå (for det einskilde born/ungdom/familie) og systemnivå (førebyggjande arbeid i til dømes ein skuleklasse). Du kan lesa meir om teneste ved å klikka på denne lenkja.
Brei erfaring
Randi Midtgård bur på Kaupanger, er utdanna sosionom og har vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge. Ho har tidlegare jobba i mellom anna barnevernstenesta og sommiljøterapeut på Kaupanger skule.
- Det var vore veldig kjekt å starta i denne jobben i Lærdal kommune. Eg ser fram til vidare samarbeid og utvikling av tenesta. På sett og vis kan ein seia at dette er alt eg har jobba med før i ei stilling.