Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjordområde - handsaming av søknadar 2024

Aurland kommune har no handsama ferdig søknadar frå landbruket i verdsarvområde for 2024. Det er komme inn mange gode søknadar, og me har diverre ikkje midlar til å støtte alle. Prioriteringane har vore vanskeleg, då alle innkomne søknadar er i tråd med formålet med tilskotsordninga.

Det er løyv kr 2 922 135 til årleg drift, og kr 1 162 703 til investeringar. Dette utgjer ei samla løyving med kr 4 064 975  til landbruket i verdsarvområde i Nærøyfjorden. Liste over tildelte midlar finn du her.

Tilskotsordninga er forvalta i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, og Tiltaksplan Vestnorsk Fjordlandskap – kulturlandskapet (PDF, 6 MB)

Tilskotsordninga som er etablert for å styrka landbruket i Vestnorsk Fjordlandskap, er svært viktig for å ha eit aktivt landbruk her. Det er svært positivt at nasjonale myndigheiter prioriterer midlar til landbruket i verdsarvområde. Likevel ser me at det er behov for auka ramme for å støtte planlagde investeringar i tillegg til å støtte årleg drift. 

Bøndene i Nærøyfjordområde legg ned ein god og viktig innsats for å ta vare på, og bruke naturressursane i område, til produksjon av mat. Arbeidet dei gjer, er og til glede for tilreisande og fastbuande.

All honnør for innsatsen!