Arrangementet er vorten ein fast tradisjon på seinvinteren, og opplegget har vore det same heile vegen – sceneinnslag i kultursalen ein liten time først, så eit matgilde av dei sjeldne i vestibylen og kunstfoajeen etterpå.
Som vanleg var det heilt fullt – først var kapasiteten utnytta til det fulle i kultursalen, og det kom til ein heil del folk til serveringa etterpå så maten fekk bein å gå på, nærast bokstaveleg tala.
Det ligg mange timar med øving bak sceneinnslaga, og veldig mykje innsats bak matlaginga tilhøyrande innhandling, transport og til slutt servering. Så me vil retta ein stor takk til alle som bidrog:
Me vil retta ein stor takk til alle som bidrog:
- Lærdal songkor som song bruremarsj etter Rime Knut bruremarsjo frå Lødingen
- «Everything kids» med Rohin, Vasellyna, Summer, Eivor og Veslemøy som spelte «I wanna be your slave»
- «Superstars» med Eli, Ola, Olav, Vilmer, Ganza og Zelda med «gjestene» Linnea, Ingeborg og Oda som spelte «Eli»
- «Fire» med Tomas, Odin, Roman og Nils med «gjestene» Zelda, Linnea, Ingeborg og Oda som speslte «Riptide»
- Flyktningekoret som song «Sol, sol», «Optimist» og ein ukrainsk song
- Vår etter kvart faste og veldig flinke konferansier Julie
- Den ukrainske gjengen som lagde veldig mykje og spennande mat frå sitt heimland
- Den polske gjengen som kjem att år etter år med ein lekker polsk buffet
- Den fillipinske gjengen som også stiller trufast opp kvart år med aldeles nydeleg mat
- Gjengen frå Kroatia som driv Elvekroi på Ljøsne som var nye av året med sin utsøkte gulasj inkludert ost, brød og diverse anna
- Mugabo frå Kongo med veldig spennande kjøtgryte, steikte bananer og diverse anna underteikna ikkje rakk å smaka på før det var tomt
- Lærdal bygdekvinnelag som også kjem att år etter år med takka si og den tradisjonelle favoritten lappar
Ordførar Audun Mo ønskte velkomen, og her er orda han sa:
«Velkomne til internasjonal bygdekveld!
I år er det faktisk tiårsjubileum. Det var ein liten gjeng frivillige som drog i gang internasjonal bygdekveld i 2016, og det vart umiddelbart suksess. Sidan tok kommunen over arrangementet, og me har hatt dette so og seia kvar vinter – unntaket var koronavintrane.
På desse ti åra har det skjedd utruleg mykje internasjonalt. Pandemi er nemnd, krigane i Ukraina og Palestina veit me alle om – ein krig me høyrer mindre om, men som har krevd svært mange menneskeliv er krigen i Sudan. Verda er meir uroleg enn på mange tiår – det er registrert rundt 60 væpna konfliktar, og det er i tillegg spenningar mellom dei aller mektigaste verdsleiararane.
Det betyr også at det aldri har vore viktigare å bry seg om, forstå og inkludera kvarandre. Internasjonal bygdekveld vart til nettopp for å skapa ein møteplass mellom den lokale kulturen og dei ulike kulturane som har kome til Lærdal frå andre land. Og det er verkeleg berikande – å møta folk me kanskje ikkje møter i det daglegdagse - gjennom musikk på andre språk og med andre rytmar, og over ein tallerken mat med andre krydder og andre ingrediensar.
So dei neste to timane skal me gløyma krig, ufred og politisk krangel – og berre ha det kjekt i lag. Med det gjev eg ordet til konferaniser Julie Zwart Botnen»