På garden Tufto driv dei med geitehald, utleige hytter og campingplass. Olav og Liv Karin Stalheim synte oss rundt på garden og fortale og om korleis dei tilpassar turistbesøket til det område har plass til.
Olav Magne Dyrdal eig og driv Dyrdal gard og Camping på Bakka. I gardstunet er eit 700 år gamalt eldhus restaurert og sikra med eit sikringsbygg. Ei unik kulturhistorie som me fekk informasjon om.
Verdsarvkoordinator Gry Mørk informerte om verdsarvstatusen som er 20 år i år og synte oss utstillinga om verdsarvområdet som er i det gamle skulehuset på Bakka.
På Fjordhotellet i Gudvangen vart det mat og prat rundt temaet matproduksjon og reiseliv. Byggesakshandsamar for Lærdal og Aurland, Stefan Karlström haldt innlegg om «dei harde fakta» frå lovverket om reiselivsverksemder på landbrukseigedomar. Solveig Kvakestad som eig Steinbergdalen turisthytte og er leiar i SAKTE-alliansen hadde eit interessant innlegg om korleis dei brukar lokale råvarer og lokale nettverk for distribusjon av lokalprodusert mat. Ordføraren frå Aurland, Kjell Bøe Bjørgum fortalde og litt om erfaringar og strategiar til reiselivskommunen Aurland. Han peika mellom anna på at reiselivet snart har fleire tilsett enn Aurland kommune, og at det vert jobba med løysingar for å få til god besøksforvaltning i Aurland.
Det er tydeleg eit viktig og engasjerande tema for det var mange gode diskusjonar då me sat i grupper og diskuterte kva tema som bør prioriterast å jobbe vidare med.
Me fekk mange gode innspel som me tek med vidare. Nokre av dei var;
- 3. bueining på garden til bustad til arbeidsfolk
- Buplikt
- Tilskot til kartleggingstiltak, t.d. Geolog, hydrolog?
- Tilskot til driftsplanlegging t.d. i samband med generasjonsskifte
- Halde god vegstandard
- Regulering av tal bilar i somme område
- Differensiering av lover og reglar
- Ulovleg parkering og villcamping langs vegar og møteplassar
- Infrastruktur, som toalett og høve for avfallshandtering
- Heimeslakting
Eit viktig moment for kommunane våre vert å få til gode løysingar for oss som skal bu og leve i bygdene, samtidig som dei besøkande får gode opplevingar.
Takk for ein kjekk dag!