Ordninga er statleg og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som legg til rette for kulturaktivitet i heile landet.
Spelemidlane kan nyttast til nybygg, ombygging eller modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Kva kan du søkje tilskot til?
Du kan søkja om støtte til:
- kulturhus og fleirbrukslokale
- lokale for kunst og kultur, som bibliotek, museums- og kulturvernlokale
- scenekunstrom, konsertsalar og formidlingslokale for biletkunst
Kven kan søkje?
- frivillige lag og organisasjonar
- andre lag, organisasjonar eller selskap utan moglegheit for privat utbytte
- kommunar og fylkeskommunar
Kor mykje kan du søkje om?
- Spelemidlar kan dekkja inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader
- Minste tilskotssum: 100 000 kr
- For tiltak som gjeld universell utforming: 50 000 kr
- Eit lokalt kulturbygg kan få inntil 1,5 mill. kr over ein 20-årsperiode
Dette må søknaden innehalde
- Vedtekter for bruk av bygget/arenaen
- Skriftleg presentasjon av tiltaket, inkludert behovsvurdering, framdriftsplan og plan for bruk og drift
- Teikningar av bygget/lokala eller uteområdet
- Dokumentasjon på rett til bruk av eigedom/anlegg i minimum 20 år
- Detaljert kostnadsoverslag (administrasjon kan utgjere maks 5 % av totalen)
- Fullfinansiert finansieringsplan
- Dokumentasjon på finansiering, til dømes:
- bankutskrift som viser eigenkapital
- lånetilsegn
- tildelingsbrev for tilskot
- gåvebrev
- dokumentasjon på dugnadsverdi signert av fagperson
Utbetaling av spelemidlar
Spelemidlane vert utbetalt i takt med framdrifta i prosjektet. Førespurnader om delutbetaling skal sendast via kommunen.
Slik søkjer du
Frist for innsending av søknad er: 6. april 2026
Les meir om ordninga og finn lenke til skjemaet hjå Vestland fylkeskommune.
Har du spørsmål, eller ønskjer rettleiing før du sender inn søknad?
Ta gjerne kontakt med kulturavdelinga i Lærdal kommune.