Frå internasjonal bygdekveld 2026
Oleg Ovcharuk
I år blir Internasjonal bygdekveld tysdag 24. februar frå kl. 18 i kulturhuset. Programmet blir slik:
Kl. 18 - ca 19: Sceneprogram med musikk, song og dans i kultursalen:
Her må ein ha bestilt gratisbillett for å vera sikra plass. Grunnen er at kultursalen har vorte overfylt ved tidlegare arrangement. Alle billettane som vart lagde ut i første omgang vart oppbooka helga før arrangementet finn stad. Men måndag ettermiddag 23. februar har me lagt ut 20 billettar til. klikk på denne lenkja for å bestilla billett! Viss du får beskjed om at det ikkje er ledige billettar, er det diverre fullt.
Dersom ein har booka billett, men finn ut at ein ikkje skal nytta den likevel oppmodar me sterkt til å gje billetten vekk til nokon som ønskjer den - legg til dømes ut på facebooksida “Kva skjer i Lærdal”, eller send ein sms til Ole Ramshus Sælthun (telefonnummer nedst i artikkelen)
Ca kl. 19 - ca kl. 20: Matservering:
Smakar frå ulike verdshjørne i vestibylen i kulturhuset. Her treng ein ikkje billett!
Viktig praktisk info
Me slepp ikkje inn publikum i kultursalen før klokka 1745. Dette fordi det føregår lydprøvar og øvingar heilt inn mot arrangementstart. Dei som skal opptre i kultursalen eller skal servera mat kan sjølvsagt koma tidlegare.
Det kjem ganske sikkert til å bli relativt lang kø til matserveringa rett etter programmet i kultursalen er ferdig. Så vis tolmod - erfaringsmessig er det mat nok til alle.
Internasjonal bygdekveld vart arrangert første gong i 2016, so det er 10-årsjubileum i år!
Arrangementet er eit samarbeid mellom kulturskulen, vaksenopplæringa, flyktningtenesta og kultur i Lærdal kommune.