Vårdag
Avstemmingslista er sett saman av utvalde verk frå Gjesmesamlinga, som Hans Gjesme donerte til Lærdal kommune før han døydde. Samlinga vert forvalta av Lærdal kommune ved Sogn Kunstsenter, og omfattar eit rikt spenn av teikning, måleri, akvarell, pastell og meir.
Kurator Ingrid Norum har valgt ut fleire verk til årets utstilling som er kalla «Høgdepunkt». Men sidan samlinga etter Gjesme er omfangsrik, og utstillingsplassen er avgrensa til dei to låge salane, er det ikkje plass til alt. Difor får publikum vera med å velja ut fem verk som skal stillast ut blant dei verka som ikkje har fått plass. Her har ein lokal jury beståande av Gjesmekjennarar valgt ut 28 verk som publikum kan velje blant.
Alle deltakarar får velja fem favorittar. Dei fem verka som får flest stemmer skal rullera på å visast fram i utstillinga Høgdepunkt frå opninga 19. juni og heilt fram til våren 2028. Du kan også vera med i trekningen av fine premiar om du registrer e-postadresssa di i stemmeskjemaet.
Biletkunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) frå Lærdal skapte frå han var 13 til han var 89 år. Han budde mykje i Lærdal, men òg i lange periodar i Oslo. Brorparten av motiva er difor derifrå, men òg frå studieturar til Paris og Røros.
Kunstnaren skildra landskap og natur til alle årstider, men òg hus og byliv. Han portretterte slekt og kjende, på eige initiativ og på oppdrag. Han arbeidde òg med stilleben, akt og interiør. Han skildra folk i arbeid både heime i Lærdal og på Gaustad sjukehus kor han var lagt inn i 16 år. Der framstilte han òg korleis han opplevde medpasientanes og eigen sjukdom og einsemd.
Med utstillinga "Høgdepunkt" ønskjer me å syna fram nokre av dei flottaste og mest interessante verka Gjesme skapte gjennom 76 år.