Illustrasjonsfoto
Linda Mannes
Me startar opp igjen med sorggruppe for innbyggjarar i Lærdal, Aurland og Årdal.
Alle samlingane vert haldne i Lærdal, i Kyrkjestova ved Hauge kyrkje. Fyrste samling vert 4.november 2025 kl. 18.00 – 20.00. Det vert sett fram kaffimat og kaffi/te.
Føremålet er å tilby eit samtalefellesskap som bidreg til at kvar enkelt kan få støtte til å sjå framover.
Greit å vita om sorggruppe
• Mellom 4-8 deltakarar.
• Alle i gruppa har teieplikt.
• Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 8 samlingar.
• Temabasert, men fleksibelt.
• Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
• Sorggruppetilbodet er gratis.
Sorggruppa vert leia av sokneprest Wenche Lie Lysne og kreftsjukepleiar Linda Mannes.
For å melda deg på ta kontakt på telefon:
- Wenche Lie Lysne: 99554531
- Linda Mannes: 97699266