Lærdal kommune legg forskrift om sakshandsaming- og kontrollgebyr for kommunen sitt myndigheitsområde etter forureiningsforskrifta kapittel 2, 12, 13, 14, 15 og 15A ut på høyring til 11.12.2026
Kommunen skal frå 01.01.2027 inn i eit vertskommunesamarbeid om miljø, ureining og tilsyn av private avløp. Som forarbeid til denne overdragelsen er det bestemt at ei lokal forskrift om sakshandsaming- og kontrollgebyr etter forureiningsforskrifta vert laga og vedteken i den einskilde kommune som skal inn i samarbeidet. Dette er for å sikre lik sakshandsaming i kommunane som deltek i vertskommunesamarbeidet.
Klikk på denne lenkja for å lesa forskrifta
Referansar:
Klima- og miljødepartementet. (2019). Nasjonale føringer for arbeidet med oppdatering av de regionale vannforvaltningsplanene.
Norsk Vann. (2022). Rapport 267 – Veiledning for å utarbeide kommunale forskrifter om avløp. Hamar: Norsk Vann BA.
SFT. (2007). TA-2236 – Utslipp av sanitært og kommunalt avløpsvann – Veiledning til kommunene. Oslo: Statens forurensningstilsyn.
Frist for uttale:
Merknader til framlegget må vere innkomne til Lærdal kommune innan 11.12.2026.
Merknader skal sendast til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, eller som e-post til post@laerdal.kommune.no
Merk med saksnr. 26/1198