Veteranplan for Sognaregionen på høyring og offentleg ettersyn

Frist for å koma med høyringsinnspel er 25. januar 2026.

Styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap gjorde 9. desember 2025 følgjande vedtak.

  • Styret i Sogn KO vedtek veteranplanen og sender den til kommunane som legg den til offentleg høyring.
  • Etter høyringsfristen, vert eventuelle innspel handsama og lagt fram for styret.
  • Etter endeleg vedtak i Sogn KO i april 2026, går planen til handsaming i kommunestyra.
  • Kommunedirektørane peikar ut veterankontaktar.
  • Kommunane ber kostnadar og har ansvar for aktivitetar og tiltak i eigen kommune.

Bakgrunn:

Sogn KO ser eit felles behov for ein veteranplan for å sette veteranarbeidet i system. Sogn er eit felles bu- og arbeidsområde, og ein felles plan vil difor kunne bidra til eit betre samla arbeid for veteranane i regionen.

På slutten av 2024 vart det sett eit prosjekt, som no har levert utkast til veteranplan for Sognaregionen som du kan lesa ved å klikka på denne lenkja (PDF, 672 kB)

Kva er ein veteranplan

Ein veteran er alle som har gjort teneste i Forsvaret – både i internasjonal og nasjonal teneste – inkludert førstegongsteneste, anten militær eller sivil.

Ein veteranplan er eit politisk vedteke styringsdokument som skal sikre at kommunen eller regionen har ein tydeleg, forutsigbar og samordna måte å følgje opp veteranar og deira familiar på. Planen klargjer roller, ansvar, tilbod og rutinar, og skal bidra til at veteranar får god oppfølging uavhengig av kvar dei bur eller kva dei har behov for.

Ein veteranplan styrkjer samarbeidet mellom kommunar, Forsvaret, helsetenester, NAV og frivillige organisasjonar, og fungerer som eit verktøy for både tenesteytarar, politisk leiing og veteranar sjølve.

Overordna mål:

  • Anerkjenning: Synleggjere og verdsetje innsatsen til veteranar.
  • Felles ivaretaking: Heilskapleg og koordinert tenestetilbod i regionen.
  • Styrka kunnskap: Kompetanseheving hos tilsette og veterankontaktar.
  • Informasjon og medvit: Felles plattform for kunnskapsdeling og synleggjering.

Tiltaka omfattar markeringar (8. mai, FN-dagen), etablering av veterankontaktar, psykisk helsehjelp, kompetanseheving, og årleg revisjon av planen.

Frist for uttale 

Det er ut i frå dette høve til å komme med uttale til planforslaget. Uttale må vera skriftleg og koma innan 25. januar 2026, sjå informasjonsboks under.

Dersom du lurer på noko er det berre å ta kontakt med:

Torgeir Skålid, telefon 975 87 931, e-post: torgeir.skalid@sogndal.kommune.no