
Planområdet ligg i Lærdal kommune, ved Borlaugshagen. I dag vert området nytta til anleggsretta verksemd og lager.
Føremålet med planen er å leggja til rette for næringsverksemd, i tråd med dagens bruk. Det er tidlegare opna for næringsverksemd på dette arealet gjennom dispensasjon, og formålet vil no vera å regulera denne bruken permanent i tråd med areal avsett i kommuneplanen sin arealdel.
Det vil vera viktig i planarbeidet å sikra gode overgangar til omkringliggande terreng og landskap. Det er på noverande tidspunkt ikkje sett behov for å regulera fleire plannivå, anna enn på bakken.
Varslingsbrev oppstart finn ein ved å klikka på denne lenkja (PDF, 434 kB) (PDF, 92 kB)
Planinitiativ finn ein ved å klikka på denne lenkja (PDF, 229 kB) (PDF, 4 MB)
Referat frå oppstartsmøte finn ein ved å klikka på denne lenkja (PDF, 234 kB)
Merknader, innspel eller spørsmål kan innan 20. januar 2026 sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger, eller via e-post til Synne.nass@asplanviak.no.