Kart som syner området for den føreslegne reguleringsendringaLærdal kommune legg med dette forslag til endring av detaljregulering for Håbakken 2 ut på avgrensa høyring etter plan- og bygningslova § 12-14.
Endringa gjeld i hovudsak justering av reguleringsføresegnene for å opna opp for etablering av datasenter innanfor område som allereie er regulert til næringsføremål. Det er i tillegg føreslege å endra tillaten byggjehøgd. Planendringa omfattar ikkje utviding av planområdet eller endringar av hovudføremåla i planen.
Som grunnlag for planendringa er det utarbeidd faglege vurderingar knytt til mellom anna støy, luftkvalitet, samfunnstryggleik og beredskap (ROS), vatn og avløp, brannberedskap, kraftforsyning, kjøleløysingar og fysisk sikring.
Planforslaget med tilhøyrande dokument finn du på arealplaner.no ved å klikka på denne lenkja.
Lærdal kommune ber om merknader til planendringa innan fredag 6.november.
Send merknad til:
Lærdal kommune
Øyraplassen 7
6887 Lærdal
eller på e-post til postmottak@laerdal.kommune.no
Merk med:
«Endring av detaljregulering for Håbakken 2, planID 2021002»