Beredskapskoordinator Åge Wiberg Bøyum og kommunedirektør Gunn Lerøy står på beredskapsstand under julemarknaden laurdag.
Ole Ramshus Sælthun
Hovudfokuset for standen er eigenberedskap. Kommunane i landet har eit stort ansvar for beredskap og tidlegare i november vart den nasjonale eigenberedskapsveka gjennomført.
Les meir om eigenberdskapsveka ved å klikka på denne lenkja
Brosjyrer og quiz
For å møta innbygjarar, gje ut informasjon og svara på spørsmål har Lærdal kommune beredskapsstand under julemarknaden laurdag 22. november frå klokka 11 til klokka 16.
Kommunedirektør Gunn Lerøy og beredskapskoordinator Åge Wiberg Bøyum vil stå på standen.
-Me har brosjyrer til utdeling, svarar på spørsmål, køyrer ein quiz om beredskap og det blir nokre premiar, fortel dei to.