 Ved langvarig straumbrot kan det visa seg viktig å ha eigenberedskapen i orden
         Glenn Rokeberg/DSB
Ved langvarig straumbrot kan det visa seg viktig å ha eigenberedskapen i orden
         Glenn Rokeberg/DSB
    Eigenberedskapsveka 2025 blir arrangert i veke 44 - frå måndag 27. oktober til søndag 2. november. Tema for årets kampanje er felles eigenberedskap, og ordet beredskapsvenn er sentralt. Kampanjen vil ha fokus på å nå unge under 30 år.
Klikk på denne lenkja for samla informasjon om eigenberedskap på Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap si nettside
Sjå Lærdal kommune si samlingsside om beredskap og naturfare - her finn du mykje viktig informasjon
Kva er det eigentlig me bør førebu oss på?
Sjølv om det meste fungerer godt i Noreg, kan ulike kriser føra til at alle tenestene som me tek for gitt, kan bli borte i kortare eller lengre periodar. Slike kriser kan til dømes vera ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar. Me bør førebu oss på å klara oss sjølve i ei veke – utan til dømes straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett og betalingsløysingar.
Kva bør du gjera?
Tenk gjennom kva hendingar som kan oppstå, og planlegg for å kunne ta vare på deg sjølv og dei rundt deg i minst ei veke ved bortfall av ein eller fleire av tenestene nemnd over. Beredskapen i Noreg byggjer på at alle tek ansvar og bidrar – det inkluderer myndigheiter, organisasjonar, verksemder og privatpersonar.
Bli ein beredskapsvenn
Å vera ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for deg sjølv, men også for naboar, venner og familie som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon. Finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av.
Sjekkliste for eigenberedskap
I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som det er lurt å ha heime. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. Her kan du sjå og laste ned sjekklista for eigenberedskap