Viss alt går i svart skal du møta her – eller der

Kva gjer du viss mobil- og internett fell ut over lenger tid?

Kommunedirektør Gunn Lerøy, beredskapskoordinator Åge W. Bøyum og ordførar Audun Mo utanfor rådhuset - ein av to infopunkt i Lærdal ved ekom-utfall. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Gunn Lerøy, beredskapskoordinator Åge W. Bøyum og ordførar Audun Mo utanfor rådhuset - ein av to infopunkt i Lærdal ved ekom-utfall. Ole Ramshus Sælthun

Temaet for Eigenberedskapsveka 2026 er korleis samfunnet kan bli betre budd på å handtera situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.

I dag er me vande til å få og oppsøkja informasjon so og seia utelukka gjennom digitale medier/verktøy som nettsider, TV og mobil. Difor er me også svært sårbare dersom mobil- og internett ikkje fungerer som det skal.

Dette er heilt i  tråd med totalforsvarsåret der styremaktene ber folk vera budde også på hendingar som skuldast sabotasje  eller desinformasjonskampanjar. 

Difor har Lærdal kommune etablert to informasjonspunkt der innbyggjarane kan møta opp for å få informasjon i slike situasjonar. Desse to informasjonspunkta er:

  • Utanfor Lærdal rådhus, på rådhusplassen
  • Utanfor Borgund nærbutikk
Borgund nærbutikk er det andre infopunktet i Lærdal. - Klikk for stort bileteBorgund nærbutikk er det andre infopunktet i Lærdal. Ole Ramshus Sælthun

Avhengig av situasjonen vil det på desse punkta bli gitt munnleg informasjon og/eller skriftleg informasjon med til dømes plakatar og/eller flygeblad. 

Kva som skjer vidare vil vera heilt avhengig av situasjonen – her kan det vera snakk om alt frå at mobil- og internett fell ut grunna elles ufarlege tekniske feil til at det har skjedd større naturhendingar eller at det er krigsutbrot. Poenget er at ein skal oppsøkja ein av desse to plassane for å få vidare informasjon dersom mobil- og internett fell ut over lenger tid.

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som står bak det årlege arrangementet Eigenberedskapsveka. Sjå meir informasjon frå årets Eigenberedskapsveke ved å klikka på denne lenkja til DSB si kampanjeside. 

Sjå også den vesle videosnutten under for ein kort introduksjon til kva ein bør ha i beredskapslageret sitt.

Kontaktkort

Åge Bøyum
Seniorrådgjevar beredskap
Telefon 90 07 46 76