Lærdalselvi
Ole Ramshus Sælthun
På bakgrunn av krav frå Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell, Villreinutvalet for Nordfjella, Lærdal Elveeigarlag og Lærdal kommune vedtok NVE den 03.02.2025 å opna vilkårsrevisjon for reguleringane i Lærdalsvassdraget. Østfold Energi AS har no utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna skildrar reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med.
Ein vilkårsrevisjon er ein prosess der NVE - Norges vassdrags- og energidirektorat reviderer dei miljømessige krava (vilkåra) for eldre vasskraftverk og har vedtaksmynde.
Nedre del av Lærdalselvi, nedstraums Stuvane kraftverk, har miljømål med frist for oppnåing i 2033.
Revisjonsdokumentet blir no lagt ut til offentleg høyring. NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttala seg. Revisjonsdokumentet og høyringsfråsegnene vil utgjera ein viktig del av grunnlaget for å fastsetja reviderte vilkår. Frist for å gje uttale er 26.05.2026.
Gjennom høyringa ønskjer NVE innspel på krava, og om det bør innførast nye mildnande tiltak som kan betra miljøforholda. NVE ønskjer også innspel på erfarte ulemper forårsaka av utbygginga, og om kunnskapsgrunnlaget i revisjonsdokumentet er tilstrekkjeleg.
Klikk på denne lenkja for å koma til sida om vilkårsrevisjonen på NVE si nettside. Sjølve høyringsdokumentet er det øvste av dokumenta under “Konsesjon”, så ligg det ulike dokument tilknytt saka frå ulike instansar nedover i lista.
Energidepartementet vil vera klageinstans for eventuelle klager når vedtaket frå NVE kjem.