Vil du laga mat til eller opptre på internasjonal bygdekveld?

I år blir arrangementet tysdag 24. februar.

Eit av dei mange flotte sceneinnslaga under Internasjonal bygdekveld 2025 - Klikk for stort bileteEit av dei mange flotte sceneinnslaga under Internasjonal bygdekveld 2025 Ole Ramshus Sælthun

Internasjonal bygdekveld er eit samarbeid mellom kulturskulen, vaksenopplæringa, flyktningtenesta og kultur i Lærdal kommune.

I 2026 blir Internasjonal bygdekveld tysdag 24. februar frå kl. 18 i kulturhuset.

Nytt av året er at me kjem til å leggja ut elektroniske gratisbillettar til programmet i kultursalen. Dette fordi salen har vore proppfull dei siste åra. Meir informasjon om dette kjem i slutten av januar, og matserveringa kan ein koma på utan billett.  

Me håpar mange ønskjer å bidra med mat frå sitt heimland – så om du sjølv har lyst til å laga noko eller kjenner nokon frå andre land du vil tipsa om opplegget til, er det supert! Det same gjeld sceneinnslag frå ulike kulturar - om du eller de syng, spelar eller dansar så ta kontakt!

Den som vil laga mat til arrangementet får refundert utgiftene til innkjøp av råvarer, opp til ein viss sum. Ta kontakt med ved å fylla ut skjemaet under om du vil bidra med mat eller sceneinnslag – eller har tips til andre som kan tenkjast å vera aktuelle. 

 

Kontaktkort

Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E-post
Telefon 97 73 69 94