Sterk og stødig er ei helsefremjande og førebyggande treningsgruppe for seniorar. Tilbodet rettar seg mot heimebuande eldre med byrjande utfordringar med balansen.
I Lærdal har me to grupper med Sterk og stødig trening og me ynskjer å etablere ei gruppe til, eventuelt ha vikarar til dei eksisterande gruppene.
Me arrangerer tredagars kurs der dei to fyrste kursdagane er onsdag 6. mai og torsdag 7. mai. Kvar kursdag er på 6 til 7 timar. Tredje kursdag vert 2 til 3 veker etter.
Dersom dette kan vera interessant for deg, ta kontakt med Iris Blaaflat på e-post; iris.blaaflat@laerdal.kommune.no. Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt på telefon 971 44 867.
Kurset legg opp til om lag 45 minuttar digitalt førearbeid, og ein får link til dette på e-post ved påmelding.
Påmeldingsfrist: onsdag 29.april.
Stad: Informasjon om dette får ein i e-post etter påmelding når me veit kor mange som vil delta.
Me håpar mange melder seg.
Venleg helsing Iris Blaaflat og Ace Jete Gonzales (kurshaldarar).