Viktig viss du ikkje finn det du leitar etter på nettsida!

Ein del brukar tilbakemeldingsfunksjonen “Fann du det du leita etter”, men legg ikkje att e-post-adressa.

Slik ser sida ut der du kan leggja inn kommentar og e-post-adressa når du leitar etter noko på kommunen si nettside. - Klikk for stort bileteSlik ser sida ut der du kan leggja inn kommentar og e-post-adressa når du leitar etter noko på kommunen si nettside.

Det er sjølvsagt valfritt å skriva inn e-post-adressa når ein nyttar denne funksjonen, men då er det også umogleg for oss å hjelpa den som ikkje finn det hen leitar etter.

For - under alle artiklar på Lærdal kommune si nettside får ein spørsmålet “Fann du det du leita etter?” Her kan ein leggja inn ein kommentar og/eller e-posta-adressa. Viss ein ønskjer å få hjelp med å finna det ein leitar etter, må ein leggja inn e-post-adressa, elles har me ingen måte å nå vedkomande på. Det beste er også om ein legg att ein kommentar på kva ein leitar etter, men e-post-adressa er det viktigaste - viss ein altså vil ha hjelp.

Slike knappar ligg i botnen av alle sider/artiklar på nettsida - Klikk for stort bileteSlike knappar ligg i botnen av alle sider/artiklar på nettsida

Me ser at dei som ikkje finn det dei leitar og legg att kommentar, som regel spør etter ting som finst på nettsida - ein har berre ikkje funne plassen der det ligg. Og ei kommunal nettside er stor med mykje informasjon, så det er ikkje så rart - men legg no att e-post-adressa viss du vil ha hjelp!