Årets Vindhellaløp vart ein flott dag for både store og små. Totalt deltok om lag 200 personar, der 75 sprang på tid, medan resten gjekk løypa i sitt eige tempo. Med god førebuing, lokal dugnadsånd og elevar frå Borgund skule, som tok ansvar, gjekk arrangementet knirkefritt.
– Me er utruleg glade for kor fint dagen gjekk. Det ligg mykje arbeid bak, men når ein ser elevane gjennomføra, heia på kvarandre og kjenna på meistring etterpå, så er det verkeleg verdt det, seier rektor ved Borgund oppvekstsenter, Linda Uglenes Maristuen.
Medaljar til Vindhellaløpet
Linda Uglenes Maristuen
Medaljane var eit synleg prov på både innsatsen i løpet og rundt arrangementet. Det vart laga 210 medaljar, og ved slutten av dagen var det berre ti att. Forma på medaljane er skoren ut av tidlegare vaktmeister Kjell Gram.
Også utforminga av medaljane var eit fellesprosjekt. Elevane på 1.–7. trinn deltok i ein teiknekonkurranse om logoen, og motiv frå fleire av teikningane vart brukte til å laga stempel. Mellomtrinnselevane stod for sjølve stemplinga, medan alle elevane frå 1.–7. klasse har vore med og fletta banda som medaljane heng i.
Viktig å sjekka namn opp mot tid
Linda Uglenes Maristuen
Arrangementet fekk i tillegg økonomisk støtte frå Østfold Energi, som sponsa løpet med 10 000 kroner etter søknad frå skulen Støtta har vore viktig for å kunna gjennomføra eit arrangement der elevane sjølv er med på både førebuing og gjennomføring.
For dei som sprang på tid, vart det ført nøyaktig oversikt over resultata. Det var deltakarar frå fleire skular i regionen, både frå Lærdalsøyri skule og frå Trudvang skule i Sogndal.
Banner ved grind
Linda Uglenes Maristuen
Bak eit vellukka arrangement ligg òg mykje praktisk koordinering. Grunneigarane stilte innmark og areal til disposisjon. På Kyrkjevoll vart sauene flytta slik at grinda kunne stå open, og fleire frivillige melde seg som grindevakter.
– Det er mange som bidreg for at denne dagen skal bli så god som han blir. Me er heilt avhengige av velvilje frå grunneigarar, frivillige, lærarar og elevar. Når alle dreg i same retning, får me til noko som betyr mykje for borna, seier Maristuen.
Vindhellaløpet vert kvart år lagt til den dagen 10. klasse på Øyri har eksamen. Det gjer kvardagen rolegare på skulen der, samstundes som elevane på Borgund og Lærdalsøyri får ein annleis og aktiv skuledag.
For skulen handlarløpet òg om å utfordra seg sjølv, halda ut når det blir tungt, og oppleva meistring saman med andre.
Undervegs i løpet– Elevane treng slike dagar. Nokre synest nok at Sverrestien er både tung og lang undervegs, men nettopp det å kjenna at ein må pressa seg litt, og så oppleva at ein klarer det, er viktig. Me ser kor nøgde dei er etterpå, og det gjer inntrykk, seier Maristuen avslutningsvis.
Godt oppmøte under årets Vindhellaløp
Linda Uglenes Maristuen