Borgund samfunnshusStad: Borgund Samfunnshus
Dato: Onsdag 18. mars
Tid: Klokka 11-15
Det vert spanande foredrag v/ blant andre pleie og omsorgstenesta, psykisk helse, planavdelinga, hukommelsesteamet, koordinator og ikkje minst eldreoptimist Eva Marie Halvorsen som lurer på “Har me reklamasjonrett på livet?” Møt opp så får du svar.
Kulturskuleelevar ved Borgund skule står for underhaldning. Sprei ordet og ta med deg naboen til ei hyggeleg og lærerik stund.
Målgruppe: Pensjonistar i alle aldrar.
Servering: Lunsj og kaffi.
Pris: Gratis!
Påmelding: Til tenestetorget anten via telefon (tlf.nr. 57 64 12 00) eller ved fysisk oppmøte på rådhuset. Oppgje namn, evt.matallergiar og behov for skyss.
Skyss: Me oppmodar om samkøyring, ta med naboen eller ein venn. Det er tilbod om skyss og henting ved døra, dersom ein ikkje kjem seg til Borgunds på andre måtar. Hugs å sei ifrå om det ved påmelding!
Påmeldingsfrist: Fredag 6.mars! Max tal deltakarar; 80 stk, fyrste mann og kvinne til mølla!