Velkomen til Lærdal kommune si nye nettside!

Ta deg ein titt rundt og kom gjerne med attendemelding.

Frå Lærdalsmarknaden - Klikk for stort bildeFrå Lærdalsmarknaden Ole Ramshus Sælthun

Som den trufaste eller sporadiske lesar av Lærdal kommune si nettside ser var det litt annleis når du tasta inn nettadressa i dag. Lærdal kommune har altså gått over til ny nettside - av fleire årsaker:

  • Plattformen me nytta tidlegare skal avviklast
  • Ein del vil seia tida er godt moden for å skifta ut den gamle nettsida
  • Me har no same leverandør på nettside-, arkiv-/postliste- og skjemaløysingane for at desse skal “snakka” optimalt saman.

Meir innhald

Me håpar du tykkjer den nye nettsida er fin og funksjonell. Innhaldet er ein god miks av reviderte tekstar frå den gamle nettsida og nye, meir informative undersider og suppleringstekstar. Når den nye nettsida har vorte skrudd saman no den siste månaden, fekk me nemleg nytta ei kommunenettside som skal vera av dei beste i landet som “mal”.  

Så er ikkje nettsida heilt ferdig enno - det står att ein del justeringar; me skal få inn litt meir bilete og ta ein språkvask. Underteikna og roboten som skulle omsetja ein del tekst rauk uklare i prosessen og underteikna set no menneske av kjøt og blod inn for å utbetra der språket er “så der”. Me ber om litt tolmod på den fronten, altså, men det skal bli stadig betre gjennom sumaren.

Attendemelding

Du må gjerne gje attendemelding på nettsida - spesielt viss du kjem over ting som verkar direkte feil, uforståeleg eller ikkje “heng på greip”, er det veldig nytta å vita om så me kan utbetra dette. Her prøver me oss på ein av dei nye funksjonalitetane, eit enkelt attendemeldingsskjema: