Kart over Flågrunnsvotni/Kvevotni - Klikk for stort bilete Kart over Flågrunnsvotni/Kvevotni

Varsling om mellombels fråvik frå manøvreringsreglement for Flågrunnsvotni i Lærdal kommune

Østfold Energi skal tappa Flågrunnsvotni/Kvevotni i perioden 13.04.26 og fram til 30.04.26.

Østfold Energi fekk 28.02.2025 løyve frå NVE til mellombels fråvik frå manøvreringsreglement for Flågrunnsvotni i Lærdal kommune.

 

Løyve gir Østfold Energi rett til å tappe det vannfylte arealet mellom LRV terskel og fyllingsdam Kvevotni, eit areal på om lag 38 daa, ned under LRV i ein kort periode for etablering av inntakskonstruksjon til nye Gravdalen Kraftverk.

 

Magasin Flågrunnsvotni/ Kvevotni er snart nede på lågaste regulerte vannstand (LRV) og tapping under LRV er planlagt gjennomført i perioden 13.04.26 og fram til 30.04.26.

 

Nedtappinga skal gjerast i ein så kort periode som råd. Grunna vertilhøva kan det bli forskyving i oppstartsdato.

 

Arbeidet skal uansett vera ferdig innan 30.04.26.

 

Østfold Energi ber skigåarar og andre som oppheld seg i området til å vera forsiktige og visa hensyn, då isen vil vera svært oppsprukken og utrygg i det aktuelle området.
Vegen til Kvevotni er ikkje brøyta.

 

Det råka arealet er markert i raudt i kartet under.

 

Kart over Flågrunnsvotni/Kvevotni - Klikk for stort bileteKart over Flågrunnsvotni/Kvevotni