Inngangspartiet til Lærdal helsesenter
Ole Ramshus Sælthun
Det er mogleg å bestilla time for vaksinering ved å ringja Lærdal helsesenter på telefon: 57 66 95 00 eller via helsenorge.no. På helsenorge.no må du velja timebok «vaksine» og velje ledig tidspunkt. Oppgi kva vaksinar du ynskjer.
Dette gjeld følgjande dagar:
- Torsdag 13.november mellom kl. 10.00 og 11.00
- Torsdag 27.november mellom kl. 08.30 og 09.30
- Torsdag 11.desember mellom kl. 08.30 og 09.30
For personer som er 65 år eller eldre og som ikkje har teke anbefalte vaksinar vil det sendast ut påminning med anbefaling om dei aktuelle vaksinene i midten av november. Påminninga kjem via helsenorge.no. Dette gjeld for heile landet og er ein del av «vaksinasjonsprogram for vaksne» som ein kan lesa meir om ved å klikka på denne lenkja.
Sjå elles Folkehelseinstituttet sin nettside for meir informasjon om dei ulike vaksinane.
Prisar for dei ulike vaksinene:
Type vaksine | Pris |
Influensavaksine | 301,- |
Koronavaksine Saman med ei anna vaksine | 110,- 85,- |
Pneumokokkvaksine (for dei født i 1960) Saman med ei anna vaksine | 110,- 85,- |
Pneumokokkvaksine (for alle andre) | 400,- |