Tildeling av landbruksmidlar 2026

Mange gode tiltak og prosjekt på landbrukseigedomar i Årdal, Lærdal og Aurland har no fått løyvd midlar. Til saman har me løyvd om lag 2 millionar kroner.

Felles Landbrukskontor ÅLA har delegert mynde til å handsama og løyve midlar frå fleire tilskotsordningar som kjem både landbruksnæringa og andre til gode. Tilskotsordningane omfattar støtte til drenering, spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap (SMIL), tiltak i beitefelt og utvalde kulturlandskap i Lærdal. 

 

Døme på tiltak som har fått støtte er elektronisk overvåkingsutstyr til husdyr på utmarksbeite, restaurering av verneverdige bygningar og kulturminne, rydding av beite og fornying av gjerde. Me ser og at utfordringar med «vatn» er aukande, og det er difor prioritert å støtte fleire hydrologiske tiltak med midlar. Me har to store hydrologiske prosjekt, eit i Lærdal og eit i Aurland, der tilleggsløyving er avgjerande for å støtte desse tiltaka.
I Lærdal har me og fleire område som får UKL-midlar for museal skjøtsel. Desse tiltaka tek vare på, og held i hevd vår felles kulturarv. 

Til saman er det komme inn 68 søknadar, 6 har fått avslag. To søknadar venter på tilleggsløyving og 55 søknadar har fått løyving. Nokre av søknadane er avvist av ulike årsaker.

Felles Landbrukskontor ÅLA er godt nøgd med alle gode tiltak som vert utført av bøndene, grunneigarar og andre, for å ta vare på og bruke ressursane på landbrukseigedomane i kommunane fare.

 

Felles Landbrukskontor ÅLA