Illustrasjonsfoto
Linda Mannes
Me startar opp igjen med sorggruppe for innbyggjarar i Lærdal, Aurland og Årdal.
Livet kan møta oss med både gode og vonde dagar. Noko av det som er mest vanskeleg, er når ein av våre næraste døyr.
Du som vert invitert har mista ein av dine nære, og sorga og saknet du opplever, kan vera vanskeleg å vera åleine med. Gruppa er open for alle og det er ikkje noko tidslinje for sorg, alle er velkomne uansett kor lenge det er sidan ein opplevde tapet.
Me veit av erfaring at det kan vera godt å koma saman med andre som har opplevd noko liknande som ein sjølv, på denne måten kan ein kjenna seg mindre åleine, og jobba seg gjennom sorga med støtte frå andre. Kvar einskild si historie er unik. Det å kunne snakka saman, fortelja historia si, dela tankar og utveksla erfaringar, kan vera til hjelp for både deg sjølv og andre i gruppa.
I gruppa kan ein oppleva anerkjenning, forståing og støtte hjå kvarandre.
Sorggruppa er åpen for alle frå Lærdal, Aurland og Årdal. Alle samlingane vert haldne i Kyrkjestova, ved Hauge kyrkje i Lærdal. Første samling vert 4/3-2026 kl. 18.00 – ca. 20.00.
Det vert sett fram noko kaffimat og kaffi/te.
Greitt å vita om sorggruppe:
• Mellom 4-8 deltakarar.
• Alle har teieplikt ovanfor kvarandre.
• Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 8-10 samlingar.
• Tema basert, men fleksibelt.
• Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
• Sorggruppetilbodet er gratis.
Fyrste gong vil me bruka tid til å snakke om sorg og sorgreaksjonar, før me vert litt kjende med kvarandre. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil fortelje om det du har opplevd. Etter fyrste samlinga kan det vera lettare å vurdere om du vil vera ein del av sorggruppa og halda fram samtalane i gruppa.
Sorggruppa vert leia av sokneprest Wenche Lie Lysne og kreftsjukepleiar Linda Mannes.
Frist for påmelding: 24.februar 2026
For å melda deg på ta kontakt med ein av dei som leiar gruppa, sjå kontaktkort under.