Illustrasjon røysting - Klikk for stort bilde Illustrasjon røysting Illustrasjon frå valg.no

Tidlegrøysting frå 1. juli

Skal du flytta til utlandet eller er på ei lengre reise, og ikkje har moglegheit til å stemme under førehandsrøystinga eller på valdagen?

Då kan du avtala tid for røysting i tidlegstemmeperioden frå 1. juli til 8. august. 

Dei som skal røysta i denne perioden må ta kontakt med valansvarlege i Lærdal kommune for å avtala tid for røysting i perioden:

Valansvarleg Edel Ørbeck Mo, tlf: 994 43 383 eller Jorunn Hatlevoll, tlf: 480 34 007

Hugs å ta med legitimasjon.