Felles Landbrukskontoret inviterer til temakveld om beitebruk og beiteressursane i kommunen. Kvelden markerer starten på arbeidet med ein felles beitebruksplan, og me ønskjer å samle beitebrukarar, grunneigarar, næringsaktørar, organisasjonar og andre interesserte til ein kveld med fagleg påfyll og gode diskusjonar.
Utmarksbeita er ein viktig ressurs for landbruket og lokalsamfunnet. Dei gir grunnlag for matproduksjon, bidreg til å halde kulturlandskapet ope og kan gi grunnlag for lokal verdiskaping. Samstundes står beitebruken overfor fleire utfordringar – mellom anna knytt til rekruttering og attgroing.
Tema for kvelden vert:
Magnhild Aspevik, Landbrukssjef:
Beitebruksplanen- kva skal planen innehalde og kva mål skal me ha?
Myrudl v. Gunn Bø, garnprodusent og entreprenør:
Verdien av utmarksbeitet- korleis kan beitebruk bidra til lokal verdiskaping?
Ole Bjarne Hovland, Sognelam:
Kva treng beitenæringa? Kva moglegheiter og kva utfordringar har me?
Kompetansenettverket v.Kathrine Aslaksby, budeie og pedagog:
Korleis kan me skape meir verdi lokalt? Kva faktorar spelar inn -erfaringar frå ei budeie i Valdres
Geir Ove Kvam, sauebonde med tilleggsnæring:
Gardsbesøk med presentasjon av nye foredlingslokale
Me treng også dine innspel!
Den viktigaste delen av kvelden blir gruppearbeid og dialog.
Kva er dei største moglegheiter og utfordringane for beitebruken i kommunane våre?
Kva problemstillingar opplever beitebrukarane?
Kva bør vere dei viktigaste måla og tiltaka i ein framtidig beitebruksplan?
Me ønskjer konkrete innspel frå dei som kjenner beiteområda og næringa i praksis. Målet er å få fram dei viktigaste problemstillingane og moglegheitene, slik at dette kan bli eit godt grunnlag for det vidare planarbeidet.
Det vert òg servert varmmat.
Praktisk informasjon:
Dato: 14. oktober 2026
Tid: 15.30-19.00, varmmat serveres fra kl. 15.30.
Stad: Lundesalen ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Påmelding innen 30. september: Danaca.Sarah.Berg@laerdal.kommune.no
Gi beskjed om matallergiar.
Temakvelden er open for alle som er interesserte i beitebruk, landbruk, utmark og lokal verdiskaping.
Velkomen til ein kveld med fagleg påfyll og viktige innspel til arbeidet med beitebruksplanen!
Det blir teke atterhald om endringar i programmet.