Heile 35 bøsseberarar var i sving på aksjonsdagen. Dei aller fleste roder var dekte, og det kom inn pengar både i kontantform, og på Vipps.
I tillegg har 6.klasse ved Lærdalsøyri skule, og Lærdalsøyri barnehage hatt arrangement og samla inn gode summar til Tv-aksjonen.
I Lærdal vart det samla inn heile 163 318 kroner.  Det er eit godt resultat, og me er på 8.plass i fylket. Les meir om resultatet for Lærdal her.
Takk til alle som var bøsseberarar, alle som har gitt bidrag, og takk til Stine og Kjersti i Sogn Sparebank som var teljesentral på aksjonsdagen.
 Bøsseberarane fekk velfortent kaffi og kake i banken på aksjonsdagen
Bøsseberarane fekk velfortent kaffi og kake i banken på aksjonsdagen
Aksjonskomitèen.