Større utfall av mobildekning i Lærdal kommune

Oppdatering kl 19:30: Mobildekninga er tilbake hjå dei fleste.

Oppdatering kl 19:30:
Telia sine kundar på strekninga Tuftåsen-Kvenshagen-Borlaug har framleis redusert dekning.
Det pågår rettearbeid, estimert rettetid er ukjent.

Kommunen har fått melding om utfall av mobildekning i delar av kommunen. Dette gjeld Telenor, Telia og Ice.
Utfallet gjeld delar av Borgund, oppover mot Borlaug, og austover i områda Mørkedøla og Eldrevatn langs riksveg 52.
Det er redusert til ingen dekning i Borgundstunnelen og Tuftåstunnelen.

Kartet under syner området med utfall/forstyrringar av mobildekning (Blå = Telenor, LyseTele (Ice) = Grøn og Lilla = Telia)

Kart over områda som er råka av mobilutfall



 

 

 

 

 

 

Råd til dei som er utan dekning:

•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område er det mogleg å ringa naudnummeret 112 for alle naudsituasjonar via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dersom ein har trådlaust breiband har dei fleste moglegheit til å ringa med WIFI tale
•    Bevega seg inn i eit område som har mobildekning