Sterk og stødig logo - Klikk for stort bilete Sterk og stødig logo

Sterk og stødig på Ljøsne, Øyri og Borgund!

I haust vert det tilbod om Sterk og stødig-treningar fleire stadar i kommunen.

Kven passar treninga for?

Treninga passar for deg som klarer deg godt i eigen heim utan mykje hjelp frå kommunen. Du må kunne gå utan hjelpemidlar innandørs, men merkar kanskje at du er ustødig i nokre situasjonar, eller opplever at du ikkje er like sprek som før.

Treninga vert leia av frivillige instruktørar som er kvalifisert gjennom kurs og som vert rettleia av fysioterapeut.

Treningstider og stader:

Borgund: Borgund samfunnshus onsdagar klokka 11.00.

Ljøsne: Gymsalen tysdagar klokka 11.00, oppstart 15.september.

Øyri: Lærdal kulturhus, kultursalen måndagar klokka 11.00. Oppstart 28.august (nokre timar utgår pga. andre arrangement i lokalet, føl med på Friskus).

Kontaktkort

Iris Blaaflat
Fysioterapeut, fagleiar fysioterapi