Stengt vegstykkje på Moldasida måndag til onsdag

Grunnen er vegarbeid.

Illustrasjonsbilete av stengt veg-skilt - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av stengt veg-skilt

Frå og med måndag 10. november til og med onsdag 12. november blir det stengt eit vegstykkje ved Moldabakkane på fv 271 Stønjum - Lunde. Grunnen er vegarbeid. 

Det er stengt for gjennomkøyring, og ingen bur på vegstykkjet som blir stengt. så dei som bur nord for vegstenginga kan køyra fv 271 nordover forbi sjukehuset og ut på rv. 5, dei som bur sør for stenginga kan køyra sørover og ut på E16 ved Voll bru. Det blir skilta.

Skuleskyssen går som normalt.