Stengt ved Hauge på Moldasida til torsdag

Fv. 271 Stønjum - Lunde er stengt for gjennomkøyring ved Hauge frå føremiddag tysdag 18.nov til ettermiddag torsdag 20.nov. 

Illustrasjonsbilete av stengt veg-skilt - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av stengt veg-skilt

Grunnen er vegarbeid og det er på Hauge fylkesveg 271 Moldasida er stengt. Det er skilta omkøyring, det vil seia via Voll bru på E16 for dei som bur sør for området der vegen er sperra og via Sviggum for dei som bur nord for det stengde vegområdet.

Skuleskyssen går med omkøyring der det må til, men elles som normalt.