Nedblesen kvist på historisk vegEi knekt mast i samband med uvêret "Amy" gjorde at Lærdal kommune stengde vegen som går frå E16 ved Elvekroi til Mosvegen i morgontimane laurdag 4.okt.
Vegen har vore stengt eit kort stykke helga gjennom, men måndag føremiddag har Sygnir gjort ein mellombels reperasjon så vegen opna att midt på dag.
Det står att noko arbeid som gjer at det same vegpartiet kan bli stengt over eit kortare tidsrom på ein time eller to seinare i veka.
Trenedfall fleire stader
Elles var det straumbrot fleire stader i Lærdal natt til laurdag, men alle fekk straumen tilbake i løpet av laurdagen. Tre- og steinnedfall gjorde også at det var redusert framkome på andre fylkesvegar og historiske vegar laurdag morgon og føremiddag, men nedfallet vart fjerna og vegane opna att utpå dagen.
Det har i det heile vore mykje nedfall av tre somme stader - mellom anna over Sverrestigen på Borgund, så denne er i praksis ikkje framkomeleg.
Feilsøking på gatelys
Teknisk eining melder at gatelysa i Skulevegen mellom Gamleskulen og Lærdal bu- og omsorgsheim som gjekk i svart også laurdag 4.okt, framleis ikkje lyser. Det er eit omfattande arbeid med feilsøking som per måndag tidleg ettermiddag ikkje er ferdigstilt.