Hans Gjesme Høgdepunkt.  - Klikk for stort bilete Hans Gjesme Høgdepunkt. Musea i Sogn og fjordane

Sommaropplevingar i Lærdal kulturhus

Kunst, bibliotek, kafé og villakssenter under same tak – i sommar er kulturhuset ein levande møteplass for både fastbuande og tilreisande.

Det er mykje aktivitet og fleire tilbod i Lærdal kulturhus i sommar.

Sogn kunstsenter inviterer til kunstopplevingar for både fastbuande og tilreisande gjennom sommaren. I same bygg finn du no også Lærdal bibliotek, som har flytta inn i kulturhuset. Biblioteket er ope måndag til fredag kl. 10.00–15.00 i sommar.

 

Hans Gjesme – Høgdepunkt

I utstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt» får publikum eit breitt innblikk i det lange og innhaldsrike kunstnarskapet til Hans Gjesme (1904–1994).

Gjesme arbeidde hovudsakleg med måleri og teikning, og skildra mellom anna landskap, byliv, portrett og menneske i arbeid. Motiva er ofte henta frå Lærdal og Oslo, men også frå reiser til Oslo og Røros.

Utstillinga løftar fram nokre av dei mest representative verka frå eit kunstnarskap som strekte seg over meir enn 70 år. Dei som ynskjer å sjå Gjesme sine kjende lærdalsmotiv, bør ta turen innom kunstsenteret i sommar.

 

«Der me er» – samtidskunst frå regionen

Den andre utstillinga, «Der me er», er ei gruppeutstilling presentert av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane. Her får publikum møte kunstnarar med tilknyting til regionen, som på ulike måtar utforskar samtid, tilhøyrsle, endring og kva det vil seie å vere «her».

Utstillinga rommar eit breitt spekter av uttrykk og tematikkar, og viser noko av det som rører seg i kunstlivet i Sogn og Fjordane akkurat no. Ho tek òg opp spørsmål om korleis kunsten kan nå ut til folk i kvardagen, og korleis offentlege rom kan fungere som møteplassar for kunst i distrikta.

 

Utdrag av utstillinga Der me er - Klikk for stort bilete"Der me er". Foto: Terje Grimen Terje Grimen

Kuratoromvising i juli

I juli vert det kuratoromvising på Sogn kunstsenter med kurator Inger Eri. Omvisingane er tysdagane: 7. juli, 14. juli og 28. juli kl. 11.00.

Dette er eit godt høve til å få meir innsikt i utstillinga «Der me er», kunstnarane som er med, og tankane bak utstillinga.

 

 Opningstider sommaren 2026

Turistinformasjonen og Sogn kunstsenter

Ope kvar dag kl. 10.00–18.00 fram til 15. august.

Utstillinga «Der me er» står til 25. september 2026. 

Utstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt»står til 30. april 2028.

 

Lærdal bibliotek

Ope måndag–fredag kl. 10.00–15.00 i sommar. Vanlege opningstider frå 15. august.

 

Besøkssenter villaks

Ope kvar dag kl. 10.00-20.00 til 15. august.
 


 

Velkomen innom kulturhuset i sommar!