Sommarles - lesekampanje for born

Lærdal folkebibliotek arrangerar den digitale lesekampanjen Sommarles.Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.

Sommarles illustrasjon - Klikk for stort bilde

 

Sommarles gjer lesing endå gøyare! Borna lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene deira les. 

Sommarles er for alle. For kvar bok som vert legg inn, får dei XP (poeng) og går opp i level. Dei kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for dei - all lesing tel. Og sjølvsagt har me premiar! Når borna registrerer bøker dei har lese, får dei digitale trofé til profilen sin på nettsida, og dei kan hente premiar på biblioteket i juni og august.

Tysdag 2. september vert det Sommarlesfest for alle som har delteke. I år som tidlegare år vert det besøk av Askeladden friteater. Følg med på biblioteket si facebookside eller kommunen si nettside for meir informasjon.

Les meir om kampanjen på Sommarles.no

 

Me minner også om at Lærdal folkebibliotek held sommarstengt frå 27. juni til 27. juli. Fyrste opningsdag etter ferien er måndag 28. juli.