Løytnantsbryggja på Gamle Lærdalsøyri - Klikk for stort bilete Løytnantsbryggja på Gamle Lærdalsøyri Ole Ramshus Sælthun

Søk tilskot til istandsetting av verna kulturminne

Eig du eit verneverdig bygg eller anlegg i Lærdal som treng istandsetting? Då kan du no søkja om tilskot gjennom Vestland fylkeskommune si ordning for verna kulturminne innan 17. april 2026.

Tilskotsordninga skal bidra til å ta vare på verneverdige kulturminne av lokal og regional verdi, og midlane skal nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Søknadene blir handsama av kommunen før dei blir sende vidare til Vestland fylkeskommune for endeleg vurdering. 

 

Kva kan du få tilskot til?

Det kan søkjast om tilskot til istandsetting av faste kulturminne i Vestland fylke som:

  • er prioriterte i kommunen sin kulturminneplan
  • er regulerte til bevaring eller har omsynssone for kulturmiljø
  • er vurderte av fylkeskommunen som kulturminne av regional verdi eller interesse
     

Tiltaka må følgja antikvariske retningsliner, og tilskotet skal i hovudsak gå til reelle vernetiltak – ikkje ordinært vedlikehald eller drift. 

 

Kven kan søkja?

Eigaren av eit verneverdig kulturminne kan søkja. Kommunen prioriterer søknadene før dei blir sende vidare til fylkeskommunen. Det er ein føresetnad at kulturminnet er vurdert og prioritert i kommunen, og søkjarar blir oppmoda til å ta kontakt med kommunen i forkant av søknaden. 

 

Informasjon om søknad og søknadsfrist

Frist for å senda søknad til Lærdal kommune er 17. april 2026. 

Søknaden skal sendast til post@laerdal.kommune.no, og merkast Verna kulturminne.

Søknaden skal innehalda:

  • skildring av tiltaket
  • tilstandsanalyse
  • foto
  • kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • kort grunngjeving for kulturminneverdi
     

Lærdal kommune sender samla søknader vidare til Vestland fylkeskommune innan fastsett frist.

 

Meir informasjon og rettleiing

Utfyllande informasjon om ordninga og vilkår finn du på Vestland fylkeskommune si nettside

Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du ønskjer rettleiing før du søkjer.

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53
Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E-post
Telefon 97 73 69 94