Frilund ungdomshus - Klikk for stort bilete Frilund ungdomshus

Søk spelemidlar til kulturbygg

Lærdal kommune inviterer lag, organisasjonar og andre aktuelle aktørar til å søkja spelemidlar til lokale kulturarenaer med frist 6. april.

Ordninga er statleg og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som legg til rette for kulturaktivitet i heile landet.

Spelemidlane kan nyttast til nybygg, ombygging eller modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Kva kan du søkje tilskot til?

Du kan søkja om støtte til:

  • kulturhus og fleirbrukslokale
  • lokale for kunst og kultur, som bibliotek, museums- og kulturvernlokale
  • scenekunstrom, konsertsalar og formidlingslokale for biletkunst

Kven kan søkje?

  • frivillige lag og organisasjonar
  • andre lag, organisasjonar eller selskap utan moglegheit for privat utbytte
  • kommunar og fylkeskommunar

Kor mykje kan du søkje om?

  • Spelemidlar kan dekkja inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader
  • Minste tilskotssum: 100 000 kr
  • For tiltak som gjeld universell utforming: 50 000 kr
  • Eit lokalt kulturbygg kan få inntil 1,5 mill. kr over ein 20-årsperiode

Dette må søknaden innehalde

  • Vedtekter for bruk av bygget/arenaen
  • Skriftleg presentasjon av tiltaket, inkludert behovsvurdering, framdriftsplan og plan for bruk og drift
  • Teikningar av bygget/lokala eller uteområdet
  • Dokumentasjon på rett til bruk av eigedom/anlegg i minimum 20 år
  • Detaljert kostnadsoverslag (administrasjon kan utgjere maks 5 % av totalen)
  • Fullfinansiert finansieringsplan
  • Dokumentasjon på finansiering, til dømes:
    • bankutskrift som viser eigenkapital
    • lånetilsegn
    • tildelingsbrev for tilskot
    • gåvebrev
    • dokumentasjon på dugnadsverdi signert av fagperson

Utbetaling av spelemidlar

Spelemidlane vert utbetalt i takt med framdrifta i prosjektet. Førespurnader om delutbetaling skal sendast via kommunen.

 

Slik søkjer du

Frist for innsending av søknad er: 6. april 2026

Les meir om ordninga og finn lenke til skjemaet hjå Vestland fylkeskommune.
 

Har du spørsmål, eller ønskjer rettleiing før du sender inn søknad?
Ta gjerne kontakt med kulturavdelinga i Lærdal kommune.

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53