Snøskredfare på raudt nivå torsdag
Omslag til mildvêr og nedbør gjer at snøskredfaren er uvanleg stor.
Raudt snøskredvarsel for Indre Sogn og kringliggjande regionar
Skjermdump frå varsom.no
For onsdag 25. februar er snøskredfaren på oransje nivå i Indre Sogn, torsdag 26. februar er faren på raudt nivå. Dette er relativt sjeldan, og ein skal vera obs på følgjande:
- Ferdsel i skredterreng blir ikkje anbefalt
- Skred kan treffa skredutsette vegar og busetnad
Sjå vermeldinga på yr.no og les varselet ved å klikka på denne lenkja.
Ver også merksam på at det er same snøskredfare i kringliggjande regionar.