Lærdalsøyri - Klikk for stort bilete Lærdalsøyri Ole Ramshus Sælthun

Saman skapar me eit godt liv i heile bygdi

Korleis skal det vera å bu, leva og arbeida i Lærdal om 10–20 år? No har du høve til å seia di meining når kommunen inviterer til folkemøte måndag 27. april om kommuneplanen sin samfunnsdel i høyringsperioden.

Kva slags Lærdal vil me vera i framtida?

Lærdal kommune inviterer til folkemøte om kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette er den overordna planen for korleis Lærdal skal utvikla seg dei neste åra – innan oppvekst og utdanning, helse og omsorg, bustad, næringsliv, kultur og miljø.

Ein slik plan angår alle som bur og lever her. Difor ønskjer me at flest mogleg er med og seier si meining medan planen framleis er på høyring.

Kom på folkemøte i Lærdal kulturhus måndag 27. april kl. 18.00-20.00.

 

Ein plan for heile lokalsamfunnet

Samfunnsdelen er ikkje berre ein intern plan for kommunen. Han legg grunnlaget for politiske prioriteringar og viktige avgjersler i åra som kjem – og han blir betre jo fleire stemmer han byggjer på. Ingen kjenner Lærdal betre enn dei som faktisk bur her, og det er nettopp dykkar erfaringar, behov og synspunkt me treng før planen skal ferdigstillast og vedtas av politikarane.

 

Kom som du er

Du treng verken ha lese heile plandokumentet eller vera ekspert på kommuneplanlegging. På folkemøtet gir me ei kort innføring i kva samfunnsdelen handlar om, og kva val og prioriteringar som ligg framfor oss. Deretter opnar me for spørsmål, innspel og samtale. 

 

Vil du heller senda innspel skriftleg?

Det er sjølvsagt også mogleg. På kommunen si nettside finn du plandokumentet, ei kortfatta forklaring og informasjon om korleis du kan senda innspel i høyringsperioden:

Send innspel til planen 

 

Velkomen til folkemøte 27. april!

Kontaktkort

Trine Grøttebø
Kommunalsjef samfunn, kultur og næring
E-post
Telefon 92 22 38 74